1Eg såg ein engel stiga ned frå himmelen; i handa hadde han nykelen til avgrunnen og ei stor lekkje.
7Og når dei tusen år er til ende, skal Satan sleppast laus or fengslet sitt.
8Han skal dra ut og forføra folka ved dei fire heimshjørna, Gog og Magog, og samla dei til strid; og talet på dei er som havsens sand. Domen
11Eg såg ein stor, kvit kongsstol og han som sat på stolen. Jorda og himmelen kvarv for hans åsyn, og dei fanst ikkje meir. Matt 25,31ff; 2 Pet 3,7.10.12
12Og eg såg dei døde, store og små: Dei stod framfor kongsstolen, og bøker vart opna. Så vart ei anna bok opna, livsens bok. Og dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine. Dan 7,10; 12,1f; Op 3,5+; Joh 5,28f
13Havet gav frå seg dei døde som var i det, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var der; og dei vart dømde, kvar etter sine gjerningar.
14Så vart døden og dødsriket kasta i eldsjøen – og eldsjøen, det er den andre døden. 1 Kor 15,26.54f; Op 2,11+
15Og dersom nokon ikkje fanst oppskriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.