1Vinen er ein spottar,
den sterke drikk ein bråkmakar,
ingen som ragar av dei, er vis.
2Når kongen trugar, er det som løvebrøl,
den som vekkjer hans vreide, set livet på spel.
3Å halda seg frå trette er ei ære for mannen,
men kvar dåre yppar strid.
4Den late vil ikkje pløya om hausten,
i skurdonna leitar han fåfengt etter grøde.
5Som djupt vatn er tankane i mannens hjarta,
den som har vit, kan ausa av dei.
6Mange ropar om sin eigen truskap,
men kvar finst vel ein påliteleg mann?
7Rettferdig er den som er heil i si ferd,
og lukkelege er borna etter han.
8Ein konge som sit i domarsetet,
skil ut alt vondt med eit augnekast.
9Kven kan seia:
«Eg har reinsa hjarta,
eg er fri for synd»?
10To slag vekt og to slag mål
er begge ein styggedom for Herren.
11Alt guten syner i si ferd
om livet hans vert reint og rett.
12Øyra som høyrer, og auga som ser,
er begge skapte av Herren.
13Er du glad i å sova, då vert du fattig,
opnar du augo, får du deg mat.
14«Ringt, ringt,» seier kjøparen,
men skryter av handelen når han går bort.
15Det finst gull og perler i mengd,
men å tala med kunnskap er ein kosteleg ting.
16Ta kleda frå den som har borga for ein annan,
ta pant hjå han for framande!
17Godt smakar brød som er vunne med svik,
men sidan fyllest munnen med småstein.
18Når ein held råd, lukkast planane;
vis omtanke når du fører krig!
19Den som baktalar, spreier løyndomar,
gjev deg aldri i snakk med ein lausmunna kar!
20Den som forbannar far sin og mor si,
hans lampe skal slokna i tjukkaste mørkret.
21Ein arv som ein altfor tidleg riv til seg,
gjev inga velsigning til slutt.
22Sei ikkje: «Eg vil løna vondt med vondt.»
Venta på Herren, så hjelper han deg!
23To slag lodd er ein styggedom for Herren,
falsk vekt er av det vonde.
24Det er Herren som styrer mannens steg.
Korleis kan mennesket skjøna sin veg?
25Det er farleg å lova ei heilag gåve
og fyrst sidan tenkja seg om.
26Den vise kongen skil ut dei gudlause
og lèt hjulet rulla over dei.
27Ånda i mennesket er ei Herrens lampe,
ho ransakar alle kammer i hjarta.
28Godleik og sanning er eit vern om kongen,
han stør sin kongsstol på truskap.
29Styrke er ein prydnad for ungdom,
og grått hår ei ære for den gamle.
30Flengjer og slag som sårar den vonde,
reinsar hans hjartekammer.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.