Johannes' openberring 11 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Templet og dei to vitna

1Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der!

7Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei.

11Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde.

14Det andre ve er over. Men det tredje ve kjem snart.Den sjuande basunen

15Den sjuande engelen bles i basun. Då høyrdest det i himmelen røyster som ropa høgt:

Vår Herre og hans salvevigde

har fått herredøme,

og han skal vera konge i all æve.

16Dei tjuefire eldste som sit på tronene sine for Guds åsyn, kasta seg ned på andletet, tilbad Gud

Vi takkar deg, Herre Gud, du Allmektige,

du som er og som var,

fordi du har teke di store makt

og vorte konge.

18Heidningfolka vart harme,

men no er din vreidedag komen,

og tida då dei døde skal dømast.

Då skal du løna tenarane dine

profetane, dei heilage

og dei som har age for ditt namn,

små og store,

og øyda dei som øyder jorda.

19Då vart Guds tempel i himmelen opna, og kista som er teiknet på pakta hans, vart synleg der inne. Og det kom lyn og drønn, torebrak og jordskjelv og store hagl.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help