1Men høyr no, Jakob, min tenar,
du Israel, som eg har valt ut!
2Så seier Herren,
han som har skapt deg og laga deg
og hjelpt deg alt frå mors liv:
Ver ikkje redd, du min tenar Jakob,
Jesjurun, som eg har valt ut!
3For eg vil renna vatn over det tyrste
og straumar over det turre.
Min Ande vil eg renna ut over di ætt
og mi velsigning over dine etterkomarar.
4Dei skal veksa opp som sev i vatn,
som poplar attmed bekkefar.
5Ein skal seia: «Eg høyrer Herren til»,
ein annan skal kalla seg med Jakobs namn.
Ein skal skriva i si hand: «For Herren»,
og Israel skal han få til ærenamn.
Den einaste Gud6Så seier Herren,
Israels konge og utløysar,
Herren, Allhærs Gud:
Eg er den fyrste, og eg er den siste,
og utan meg finst det ingen Gud.
7Kven er som eg?
Lat han stiga fram og fortelja,
ja, leggja fram for meg det som har hendt
alt frå eg skapte det fyrste folket.
Og lat han seia dei det som sidan skal henda.
8Ottast ikkje, ver ikkje redde!
Har eg ikkje for lenge sidan
kunngjort og sagt deg det?
De er mine vitne.
Finst det ein Gud utan meg?
Eg veit ikkje om noko anna berg. Det er dårskap å laga gudebilete
9Dei som lagar gudebilete, duger ikkje;
og deira kjære gudar kan ikkje hjelpa.
Deira vitne ser ikkje og skjønar ikkje,
difor vert dei til skammar.
10Kven lagar ein gud og støyper eit bilete
utan å venta seg gagn av det?
11Alle som dyrkar det, vert til skammar;
dei som lagar det, er berre menneske.
Lat dei samlast og stiga fram!
Dei skal alle fyllast med redsle og skam.
12Smeden arbeider med meiselen og strevar attmed kolelden. Han formar biletet med hamar og lagar det til med sin sterke arm. Han vert svolten og kreftene minkar. Han vert tyrst og misser sin styrke.
18Slike folk er utan vit og skjøn. Augo deira er attklinte, så dei ikkje ser, og hjarto deira harde, så dei ikkje skjønar.
22Eg stryk bort dine brot som ei skodd
og dine synder som ei sky.
Vend om til meg, eg løyser deg ut!
23Jubla, du himmel,
for Herren har gripe inn.
Rop av fryd, de jordedjup!
Bryt ut i jubel, alle fjell,
du skog med alle dine tre!
For Herren løyser ut Jakob
og syner sin herlegdom på Israel. Jerusalem skal byggjast opp att
24Så seier Herren, din utløysar,
han som skapte deg i mors liv:
Eg er Herren som gjorde alt;
himmelen spente eg ut åleine,
og jorda breidde eg ut utan hjelp.
25Eg gjer teikna åt varseltydarane til inkjes
og lèt spåmennene verta til narr.
Eg får vismenn til å tagna,
gjer deira visdom til dårskap.
26Men eg stadfester orda åt mine tenarar
og gjennomfører den plan
som mine sendebod forkynner.
Eg seier om Jerusalem:
«Der skal det bu folk,»
og om byane i Juda:
«Dei skal byggjast opp att;
eg skal reisa det som ligg i røys.»
27Eg seier til havdjupet: «Torna!
Dine straumar turkar eg ut.»
28Eg seier om Kyros:
«Han er min hyrding,
han skal fullføra alt det eg vil;
han skal seia om Jerusalem:
Byen skal byggjast!
og om templet:
Det skal atter verta grunnlagt.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.