1Då tok Sofar frå Na'ama til ords og sa:
2Skal ikkje pratmakaren få svar?
Får han rett, han som brukar så store ord?
3Skulle skvalderet ditt få menn til å teia,
så du kan spotta utan motsegn?
4Du vågar å seia: «Mi lære er rein,
og eg står skuldlaus framfor deg.»
5Men ville Gud berre opna munnen
og ta til ords imot deg,
6forkynna deg sin løynde visdom,
som gjev dobbelt skjøn,
då skulle du forstå
at Gud kan la di synd verta gløymd.
7Kan du lodda djupnene i Gud
eller finna ei grense
for stordomen åt Den Allmektige?
8Høgare er han enn himmelen
– kva kan du gjera? –
og djupare enn dødsriket
– kva veit du?
9Han har større mål enn jorda
og femner vidare enn havet.
10Om Gud dreg ut og tek fangar
og stemner folk for retten,
kven kan hindra han?
11Han kjenner dei falske menner
og ser den vondskap som ingen merkar.
12Kan ein uvitug mann få vit?
Kan eit villesel skapast om til menneske?
13Om du vender hugen til han
og breier ut hendene mot han,
14– er det vondskap i handa, så få han bort,
lat ingen urett bu i ditt telt! –
15då kan du utan flekk og lyte lyfta hovudet,
stå der støtt og sleppa reddast.
16For du skal gløyma di møde;
du skal berre minnast henne,
som du minnest vatn som rann sin veg.
17Ditt liv skal verta meir strålande enn middagssola,
og mørkret skal verta som ljose morgonen.
18Du kan vera full av tillit, for det er von;
du kan sjå deg om og leggja deg trygt.
19Ingen skræmer deg når du går til ro,
mange prøver å vinna din godvilje.
20Men dei vonde får sløve augo,
dei har ingen stad dei kan røma til,
deira einaste von er å få anda ut.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.