1Heile Israels-folket tok ut frå Elim, og den femtande dagen i den andre månaden etter at dei hadde fare frå Egypt, kom dei til Sin-øydemarka, som ligg mellom Elim og Sinai.
2Medan dei var i øydemarka, tok heile folket til å murra mot Moses og Aron
3og sa: «Gjev vi hadde fått døy for Herrens hand i Egypt, då vi sat kring kjøtgrytene og åt oss mette! Men no har de ført oss ut i villmarka, så heile denne folkemengda skal døy av svolt.»
4Då sa Herren til Moses: «Eg vil la det regna mat ned over dykk frå himmelen. Kvar dag skal folket gå ut og sanka det dei treng. Såleis vil eg prøva dei og sjå om dei held seg etter lova mi eller ikkje.
32Moses sa: «Dette er det påbodet Herren har gjeve dykk: Fyll ein omer med manna og gøym han til etterkomarane dykkar, så dei kan få sjå det brødet eg gav dykk å eta i øydemarka då eg førte dykk ut or Egypt.»
33Og Moses sa til Aron: «Ta ei krukke, ha opp i henne ein full omer med manna og set det ned for Herrens åsyn! Det skal gøymast til etterkomarane dykkar.»
34Aron gjorde som Herren hadde sagt til Moses. Han sette krukka ned framfor lovkista; der skulle ho stå.
35Israelittane åt manna i førti år, til dei kom til land der det budde folk. Manna åt dei heilt til dei kom til grensa mot Kanaan. Jos 5,12
36Ein omer er tiandeparten av ein efa.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.