1Halleluja!
Syng lovsong, Herrens tenarar,
lovsyng Herrens namn!
2Lova vere Herrens namn
frå no og til evig tid!
3Frå solrenning til soleglad
skal Herrens namn vera lova.
4Opphøgd er Herren over alle folkeslag,
over himmelen er hans herlegdom.
5Kven er som Herren vår Gud,
han som tronar i det høge,
6som ser ned i det djupe,
i himmelen og på jorda?
7Han reiser dei ringe or støvet,
lyfter dei fattige or oska
8og sessar dei saman med stormenn,
med hovdingane i sitt folk.
9Barnlaus kvinne lèt han bu i huset
som lukkeleg mor til ein barneflokk.
Halleluja!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.