Salmane 46 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Vår Gud han er så fast ei borg

1Til korleiaren. Av Korah-songarane.

Etter Alamot. Ein song.

2Gud er vår tilflukt og vår styrke,

han har hjelpt oss i alle trengsler.

3Difor reddast vi ikkje om jorda skjek,

om fjella ragar i havsens djup,

4om bylgjene bryt og brusar,

og fjella skjelv i opprørt hav. Sela

5Ei elv med fleire greiner skaper glede i Guds by,

der Den Høgste har sin heilage bustad.

6Han kan ikkje rikkast, for Gud er der.

Gud hjelper han når morgonen renn.

7Folkeslag brusa, rike vart rikka,

røysta hans ljoma, og jorda skalv.

8Herren, Allhærs Gud, er med oss,

Jakobs Gud er vår faste borg. Sela

9Kom og sjå kva Herren har gjort,

han som gjer skræmande ting på jorda!

10Han gjer ende på krig over heile jorda,

bryt bogane sund, høgg spyda av

og set eld på vognene.

11Hald opp og skjøn at eg er Gud!

Eg er opphøgd over folkeslaga,

opphøgd på jorda.

12Herren, Allhærs Gud, er med oss,

Jakobs Gud er vår faste borg. Sela

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help