1. Mosebok 48 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Jakob velsignar sønene åt Josef

1Ei tid etter kom dei til Josef og sa: «Far din er sjuk.» Då tok han med seg dei to sønene sine, Manasse og Efraim.

2Og Jakob fekk bod om at Josef, son hans, var komen til han. Då gjorde han seg sterk og sette seg opp i senga.

3Jakob sa til Josef: Gud Den Allmektige synte seg for meg i Lus i Kanaan. Han velsigna meg

8Då Israel fekk sjå sønene til Josef, spurde han: «Kven er det?»

9Josef svara: «Det er sønene mine, som Gud har gjeve meg her.» Då sa Jakob: «Kjære, kom hit til meg med dei, så skal eg velsigna dei!»

10Men augo hans Israel var dimme av alder; han kunne mest ikkje sjå. Difor leidde Josef gutane bort til han, og han kyste dei og slo armane kring dei.

11Og Israel sa til Josef: «Eg hadde ikkje trutt eg skulle sjå deg meir, og no har Gud endåtil late meg få sjå borna dine!»

12Så tok Josef dei ned av fanget hans og bøygde seg til jorda for han.

13Sidan tok Josef begge i handa, Efraim i den høgre, til venstre for Israel, og Manasse i den venstre, til høgre for Israel, og leidde dei fram til han.

14Men Israel rette ut høgre handa og la henne på hovudet hans Efraim, endå han var den yngste, og venstre handa la han på hovudet hans Manasse. Med vilje la han armane i kross; for Manasse var eldst.

15Så velsigna han Josef og sa:

«Fedrane mine, Abraham og Isak,

ferdast for Guds åsyn.

Den Gud som var min hyrding

frå eg vart fødd til denne dag,

16engelen som løyste meg ut frå alt vondt,

han velsigne gutane:

I dei skal namnet mitt leva vidare,

og namnet åt Abraham og Isak, fedrane mine.

Gjev dei må verta mange i landet!»

17Då Josef såg at faren la høgre handa på hovudet åt Efraim, mislika han det. Han tok handa åt far sin og ville flytta henne frå hovudet hans Efraim bort på hovudet hans Manasse.

18«Ikkje så, far!» sa Josef til far sin. «For denne er eldst. Legg høgre handa på hans hovud!»

19Men det ville ikkje faren. Han sa: «Eg veit det, son min, eg veit det! Han òg skal verta til eit folk, han òg skal verta stor. Men bror hans, som er yngre, skal verta større, og hans ætt skal verta til ei mengd med folk.»

20Så velsigna han dei den dagen og sa:

«Når Israel vil velsigna,

skal dei nemna dykk og seia:

Gud gjere deg som Efraim og Manasse!»

Han sette Efraim føre Manasse.

21Sidan sa Israel til Josef: «No skal eg døy. Men Gud vil vera med dykk og føra dykk attende til landet åt fedrane dykkar.

22Eg gjev deg ein bergrygg meir enn brørne dine; den har eg teke frå amorittane med sverd og boge.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help