Dommarane 8 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Gideon er domar i Israel

1Mennene frå Efraim sa til Gideon: «Korleis er det du har fare åt mot oss? Kvifor sende du ikkje bod etter oss då du tok ut i striden mot midjanittane?» Og dei gjekk hardt inn på han.

3Gud har gjeve midjanitthovdingane Oreb og Se'eb i dykkar hender. Kva har eg greitt å gjera som kan mæla seg med det?» Då han tala så, roa dei seg og var ikkje vonde på han lenger.

4Gideon kom til Jordan og gjekk over, han og dei tre hundre mennene som var med han. Og dei var trøytte, så hardt som dei hadde jaga fienden.

5Då sa han til mennene i Sukkot: «Kjære, gjev folket som fylgjer meg, nokre brød; for dei er trøytte. Eg held på og jagar Sebah og Salmunna, kongane åt midjanittane.»

6Men hovdingane i Sukkot svara: «Har du alt fått kloa i Sebah og Salmunna, sidan vi skal gje hæren din mat?»

7Då sa Gideon: «Godt, når Herren har gjeve Sebah og Salmunna i hendene mine, skal eg treskja dykk med villtornar og tistlar.»

8Så fór han opp til Penuel og tala like eins til folket der. Men dei svara han på same vis som Sukkot-mennene hadde gjort.

9Då sa han til dei òg: «Når eg kjem vel heim att, skal eg riva ned denne borga.»

10Sebah og Salmunna låg i Karkor med hærane sine, om lag femten tusen mann. Det var alt som var att av den store austmannahæren; hundre og tjue tusen våpenføre menn var falne.

11Gideon fór oppetter Teltbuarvegen austanfor Nobah og Jogbeha, og han slo hæren som låg trygt i leiren.

12Sebah og Salmunna rømde, men han sette etter dei. Han tok begge Midjan-kongane, Sebah og Salmunna, til fange og skræmde heile hæren på flòg.

13Då Gideon Joasjson vende heim att frå striden og kom oppetter Heres-bakken,

14fekk han tak i ein ung gut som høyrde heime i Sukkot, og spurde han ut. Guten skreiv opp for han hovdingane og dei eldste i Sukkot, syttisju mann.

15Då han så kom til mennene i Sukkot, sa han: «Sjå, her er Sebah og Salmunna, som de spotta meg for då de sa: Har du alt fått kloa i Sebah og Salmunna, sidan vi skal gje dei trøytte mennene dine mat?»

16Så greip han dei eldste i byen, og han tok villtornar og tistlar og tukta mennene i Sukkot med dei.

17Borga i Penuel reiv han ned, og mennene i byen slo han i hel.

18Sidan sa han til Sebah og Salmunna: «Korleis såg dei ut, dei mennene som de slo i hel på Tabor?» Dei svara: «Dei likna deg; begge såg ut som kongssøner.»

19Han sa: «Då var det brørne mine, sønene til mi eiga mor. Så sant Herren lever: Hadde de spart livet deira, skulle eg ikkje ha drepe dykk.»

20Og han sa til Jeter, eldste son sin: «Gå fram og slå dei i hel!» Men guten drog ikkje sverdet. Han torde ikkje; for han var berre ein unggut endå.

21Då sa Sebah og Salmunna: «Kom sjølv og hogg oss ned! For som mannen er, så er styrken hans.» Så gjekk Gideon fram og slo Sebah og Salmunna i hel, og han tok halvmånane som kamelane deira hadde om halsen.

22Israelittane sa til Gideon: «Du skal rå over oss, både du og son din og soneson din; for du har berga oss frå midjanittane.»

23Men Gideon svara: «Ikkje vil eg rå over dykk og ikkje son min heller. Herren skal rå over dykk.»

29Så fór Jerubba'al Joasjson heim att til garden sin og vart buande der.

30Gideon hadde sytti søner som alle var hans eigne born; for han hadde mange koner.

31Med fylgjekona si i Sikem fekk han òg ein son og kalla han Abimelek.

32Gideon Joasjson døydde i høg alder og vart lagd i grava åt Joasj, far sin, i Ofra, heimstaden åt Abieser-ætta.

33Då Gideon var borte, var israelittane atter trulause og heldt seg til Ba'al-gudane. Dei gjorde Ba'al-Berit til sin gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help