1Guds Ande kom over Asarja, son til Oded.
8Då Asa høyrde desse orda og den spådomen som Asarja, son til Oded, bar fram, fekk han nytt mot og sytte for å få bort dei ufyselege gudebileta i heile Juda og Benjamin og i dei byane han hadde teke i Efraims-fjella. Og han sette i stand Herrens altar som stod framfor forhalla i templet.
9Så kalla han saman alt folket i Juda og Benjamin og dei innflyttarane frå Efraim, Manasse og Simeon som budde mellom dei. For mange israelittar hadde gått over til Asa då dei såg at Herren hans Gud var med han.
10I det femtande styringsåret åt Asa, i den tredje månaden, samla folket seg i Jerusalem.
11Same dagen ofra dei til Herren sju hundre oksar og sju tusen sauer av det hærfanget dei var komne heim med.
12Og dei gjorde den avtalen at dei skulle søkja Herren, sine fedrars Gud, av heile sitt hjarta og heile sin hug, Jos 24,25; 2 Kong 23,3
13og at alle som ikkje søkte Herren, Israels Gud, skulle døy, både små og store, menn og kvinner.
14Dei svor Herren truskap med høg røyst og med fagnadrop medan trompetar og horn ljoma.
15Og heile Juda-folket gledde seg over denne eiden; for dei hadde svore han av heile sitt hjarta og søkt Herren med all sin vilje. Difor laga han det så at dei fann han, og han gav dei ro på alle kantar.
16Kong Asa tok jamvel frå Ma'aka, farmor si, dei rettar som fylgde med det å vera kongsmor, fordi ho hadde laga eit grysjeleg bilete for Asjera. Dette biletet hogg han ned, knuste det og brende det i Kedron-dalen.
17Men offerhaugane i Israel vart ikkje nedlagde. Likevel heldt Asa seg til Herren av heile sitt hjarta så lenge han levde. 1 Kong 22,44; 2 Kong 12,3
18Dei gåvene som far hans hadde vigt til Herren, og dei han sjølv hadde vigt, førte han til Guds hus. Det var både sølv og gull og andre ting.
19Det var ingen ufred før i det trettifemte styringsåret åt Asa.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.