1Då det leid av ei tid, og harmen hadde runne av kong Xerxes, kom han i hug Vasjti og det ho hadde gjort, og det som var vedteke om henne.
6Han var med i den fangeflokken som vart bortført frå Jerusalem då Nebukadnesar, Babel-kongen, førte bort Jekonja, Juda-kongen.
7Mordekai var fosterfar til Hadassa, det er Ester, dotter til farbror hans; for ho hadde korkje far eller mor. Møya var både velvaksen og ven, og då foreldra hennar døydde, tok Mordekai henne til seg som si eiga dotter.
8Då brevet frå kongen og bodet hans vart kjent, vart det samla mange ungmøyar i Susa-borga, der Hegai hadde tilsyn med dei. Ester vart òg henta til kongsgarden, og Hegai, som vakta kvinnene, hadde tilsyn med henne.
9Han lika den unge møya vel og fekk godvilje for henne. Difor skunda han seg og gav henne dei salvane og den maten ho skulle ha, og lét henne få dei sju ternene frå kongsgarden som var etla åt henne. Så lét han både Ester og ternene flytta inn i dei beste roma i kvinnehuset.
10Ester hadde ikkje fortalt kva folk og ætt ho var av; for Mordekai hadde sagt at ho ikkje måtte nemna noko om det.
11Kvar einaste dag gjekk Mordekai att og fram utanfor tungarden til kvinnehuset. Han ville vita korleis Ester levde, og kva dei gjorde med henne.
12Den førebuingstida som var fastsett for dei unge møyane, varte tolv månader. I seks månader vart dei stelte med myrrasalve og i seks månader med andre angande salvar. Fyrst når denne tida var over, skulle kvar av møyane gå inn til kong Xerxes.
13Når ei jente gjekk inn til kongen, fekk ho ta med seg alt ho bad om, frå kvinnehuset til kongsgarden.
14Om kvelden gjekk ho inn, og om morgonen gjekk ho attende til det andre kvinnehuset. Der hadde Sja'asgas tilsynet, den kongelege hoffmannen som vakta fylgjekonene. Sidan kom ho ikkje inn att til kongen med mindre han hadde lagt slik hug til henne at ho vart kalla til han med namns nemning.
15Så kom turen til Ester, dotter til Abihajil, som var farbror til Mordekai, fosterfar hennar. Då ho skulle inn til kongen, bad ho ikkje om anna enn det kongsmannen Hegai, han som vakta kvinnene, rådde henne til. Og alle som såg Ester, tykte vel om henne.
16Det var i den tiande månaden, det er tebet månad, i det sjuande styringsåret åt kong Xerxes, at Ester vart henta heim til han i kongsgarden.
17Kongen fekk Ester meir kjær enn dei andre kvinnene. Ho vann hans godhug og velvilje framom alle hine møyane. Han sette ei kongeleg krone på hovudet hennar og gjorde henne til dronning i staden for Vasjti.
18Til ære for Ester heldt kongen eit stort gjestebod for stormennene og embetsmennene sine. Han gav skattelette i provinsane og delte ut gåver, som det sømer seg for ein konge.
19Då det andre gongen vart samla saman ungmøyar, sat Mordekai i porten til kongsgarden.
20Ester hadde ikkje nemnt noko om ætta si og folket sitt; for det hadde Mordekai sagt at ho ikkje skulle gjera. Ho retta seg etter det Mordekai sa, så som ho hadde gjort medan ho var fosterdotter hjå han.
21Ein gong, medan Mordekai sat i porten til kongsgarden, hende det at to av hoffmennene vart arge på kong Xerxes og leita etter eit høve til å drepa han. Det var Bigtan og Teresj, som var dørvaktarar i kongsgarden.
22Dette fekk Mordekai vita; han sa frå til dronning Ester og sende henne til kongen med bod om det.
23Saka vart granska, og då det synte seg å vera så, vart begge mennene hengde i ein galge. Dette vart skrive i årboka medan kongen såg på.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.