1Til korleiaren. Ein læresalme av David,
2då edomitten Doeg kom og fortalde Saul at David hadde teke inn i Akimeleks hus.
3Kvifor rosar du deg av din vondskap,
du mektige mann?
– Guds truskap varer alltid.
4Du tenkjer berre på å øydeleggja,
tunga di er som ein kvass kniv,
du som fer med svik.
5Du elskar det vonde meir enn det gode
og lygna meir enn sannferdig tale. Sela
6Du elskar kvart ord som gjer rådlaus,
du som har svik på tunga.
7Difor skal Gud slå deg ned for alltid,
knusa deg og dra deg ut or ditt telt;
han skal rykkja deg opp or landet åt dei levande. Sela
8Dei rettferdige skal sjå det og ottast;
dei skal le åt han og seia:
9«Sjå, der er den mannen
som ikkje søkte livd hjå Gud,
men sette si lit til sin store rikdom
og bruka sin styrke til å øydeleggja.»
10Men eg er som eit oliventre,
grønt og frodig i Guds hus.
Evig og alltid set eg mi lit
til Guds truskap.
11All mi tid vil eg prisa deg,
fordi du har gripe inn.
Saman med dine trugne
set eg mi von til ditt namn,
for du er god.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.