Johannes' openberring 9 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Den femte basunen

1Den femte engelen bles i basun. Då såg eg ei stjerne som hadde falle frå himmelen og ned på jorda. Ho fekk nykelen til brunnen som fører ned i avgrunnen.

7Grashoppene var liksom hestar budde til strid; på hovudet hadde dei noko som likna kransar av gull, og andleta var som menneskeandlet.

12Det fyrste ve er over, men det kjem endå to.Den sjette basunen

13Den sjette engelen bles i basun. Då høyrde eg ei røyst frå dei fire horna på gullaltaret for Guds åsyn.

20Men dei som slapp frå desse plagene og ikkje vart drepne, dei vende ikkje om, og heldt ikkje opp med å tilbe det dei hadde laga med hendene sine; men dei tilbad vonde ånder og avgudsbilete av gull, sølv og bronse, stein og tre, dei som korkje kan sjå eller høyra eller gå. 16,9+; Sal 135,15ff; Dan 5,4.23

21Dei vende ikkje om frå sine mord og sine trolldomskunster, frå sitt horeliv og si steling.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help