Amos 7 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Syner om Israels undergang

1Dette synet lét Herren Gud meg sjå:

Han skapte grashopper

då håa tok til å veksa;

det var håa etter kongens slått.

2Då dei hadde ete opp alt graset i landet,

sa eg: «Tilgjev, Herre Gud!

Korleis kan Jakob berga livet,

så liten som han er?»

3Då endra Herren sitt forsett.

«Det skal ikkje henda,» sa Herren.

4Dette synet lét Herren Gud meg sjå:

Herren Gud kalla elden til strid.

Han slukte det store havdjupet

og heldt på å eta opp landjorda.

5Då sa eg: «Hald opp, Herre Gud!

Korleis kan Jakob berga livet,

så liten som han er?»

6Då endra Herren sitt forsett.

«Heller ikkje det skal henda,» sa Herren Gud.

7Dette synet lét han meg sjå:

Herren stod på ein mur,

og i handa hadde han eit blylodd.

8Og Herren sa til meg:

«Kva ser du, Amos?»

Eg svara: «Eit blylodd.»

Då sa Herren: «No senkar eg loddet

midt i Israel, folket mitt.

Eg vil ikkje lenger ha tol med det.

9Isaks offerhaugar skal øydast,

og Israels heilagdomar siga i røys.

Eg vil reisa meg med sverd mot Jeroboams hus.» Amos vert bortvist frå Betel

10Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, kongen i Israel, med desse orda: «Amos har fått til ei samansverjing mot deg midt i Israel. Landet kan ikkje lenger halda ut alle dei orda han talar.

Ikkje er eg profet og ikkje profetsvein.

Eg er gjætar og dyrkar morbærfiken.

15Men Herren tok meg bort frå saueflokken,

og Herren sa til meg:

«Gå og ver profet for Israel, mitt folk!»

16Så høyr no Herrens ord:

Du seier: «Tal ikkje profetord mot Israel,

og preik ikkje mot Isaks ætt!»

17Difor seier Herren:

Kona di skal driva utukt i byen,

dine søner og døtrer skal falla for sverd,

di jord skal mælast ut til andre,

du sjølv skal døy på urein grunn,

og Israel skal førast bort frå sitt land.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help