1Domsord mot Damaskus.
Sjå, no er det ute med Damaskus!
Byen skal verta ein grushaug.
2Byane kring Aroer skal verta folketome;
buskapar skal liggja og kvila der,
og ingen skal skræma dei.
3Efraim skal missa si faste borg
og Damaskus sitt kongedøme.
Det som er att av Aram,
skal ikkje ha større ære enn Israel,
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
4Den dagen vert det smått med Jakobs herlegdom,
hans gode hold tærest bort.
5Det går som når skurdfolket
samlar aksa med armen
og skjer dei av;
det er som når ein sankar aks
nede i Refa'im-dalen.
6Berre ein etterhaust vert att,
som når ein slår ned oliven:
to – tre frukter øvst i treet
og fire – fem på greinene,
lyder ordet frå Herren, Israels Gud.
7Den dagen skal mennesket
sjå opp til sin skapar,
og retta augo mot Israels Heilage.
8Dei skal ikkje venda seg til dei altar
som deira hender har gjort,
eller sjå på det deira fingrar har laga,
Asjera-pålane og røykjelsesaltara.
9Den dagen skal deira festningsbyar
liggja så aude som dei stader
hevittane og amorittane drog bort ifrå
då israelittane kom,
og landet skal vera ei øydemark.
10For du har gløymt Gud, din frelsar,
berget, ditt vern, har du ikkje kome i hug.
Difor kan du planta den finaste hage
og setja framande vintre i han.
11Om du får dei til å veksa den dagen du plantar,
og spira den morgonen du sår,
vert frukta borte når sjukdomen kjem,
ein skade som ikkje kan lækjast.
Den lagnad våre ransmenn får12Ve oss! Høyr brusen av mange folk!
Det brusar som havet.
Høyr dønet av folkeætter!
Det dyn som veldig vatn,
13det er som duren av mektige bylgjer.
Men når Herren trugar dei,
rømer dei langt av stad.
Dei vert drivne som agner for vinden på haugane,
som den kvervlande tistel for stormen.
14Om kvelden er det redsle som rår,
men før morgonen renn, er dei borte.
Så går det dei som plyndrar oss,
slik lagnad får dei som ranar oss.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.