1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
2Du menneske skal seia: Så seier Herren Gud til Israels land: Enden kjem! Enden kjem for landet, heilt til dei ytste grensene.
3No kjem enden for deg, når eg lèt min vreide gå ut over deg. Eg dømer deg for di ferd og gjev deg att for all din styggedom.
4Eg vil ikkje ha medkjensle med deg og ikkje spara deg. Du skal få att for di ferd, og styggedomen din skal koma over deg sjølv. Då skal de sanna at eg er Herren.
5Så seier Herren Gud: Sjå, ulukke fylgjer på ulukke.
6Enden kjem, ja han kjem. Sjå, enden kjem for deg!
7No er det din tur, du som bur i landet. Tida er komen, dagen er nær! Redsle og rådløyse rår, og ikkje eit glederop lyder over fjell.
8No, om ei lita stund, lèt eg harmen min gå ut over deg og fullfører vreidedomen over deg. Eg dømer deg for di ferd og gjev deg att for all din styggedom.
9Eg vil ikkje ha medkjensle med deg og ikkje spara deg. Du skal få att for di ferd, og styggedomen din skal koma over deg sjølv. Då skal de sanna at det er eg, Herren, som slår.
10Sjå, dagen er komen! No er turen komen til deg. Riset blømer, skamløysa gror.
15Ute herjar sverdet, inne rår sjukdom og svolt. Den som er ute på marka, skal døy for sverd, og den som er i byen, han skal sjukdom og svolt tyna.
16Om nokon slepp unna og kjem seg til fjells, som duer i dalane, skal dei alle døy, kvar for si eiga synd.
17Alle hender vert slappe, og alle kne vert som vatn.
18Dei bind syrgjeplagg om seg, dei skjelv over heile kroppen. Alle andlet raudnar av skam, og alle hovud vert raka snaue. Jes 15,2f; Jer 48,37
19Dei kastar sølvet sitt i gatene, og gullet reknar dei for skrap. Korkje sølvet eller gullet bergar dei på Herrens vreidedag. Med det kan dei ikkje stilla sin svolt og ikkje fylla sin mage. Men det har fått dei til å falla i synd. Sal 49,7f; Ordt 10,2; 11,4; Sef 1,18
20Dei vart stolte av sine staselege smykke, og dei laga seg avskyelege gudebilete av dei. Difor gjer eg alt til skrap for dei.
21Eg lèt framande hender rana det og dei gudlause på jorda gjera det til hærfang; og dei skal vanæra det.
22Eg vender andletet bort frå dei. Då skal heilagdomen min verta vanhelga. Røvarar skal bryta seg inn og vanhelga han.
23Gjer lekkjene ferdige! For landet er fullt av drapssaker, og byen er full av valdsverk.
24Eg lèt dei verste folkeslag koma og ta husa dykkar i eige. Eg gjer ende på hovmodet åt dei sterke, og heilagdomen deira skal vanærast.
25Redsla kjem, dei søkjer berging, men finn ikkje det.
26Ulukke fylgjer på ulukke, rykte på rykte kjem opp. Dei skal prøva å få syner hjå profeten; det vert slutt på rettleiing frå presten og på råd frå dei eldste. Job 1,14ff; Mi 3,6; Mal 2,7
27Då skal kongen syrgja, hovdingen skal kle seg i skrekk, og vanleg folk skal skjelva på handa av redsle. Eg vil fara fram mot dei som dei sjølve har fare fram, og døma dei som dei sjølve har dømt. Då skal dei sanna at eg er Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.