Høgsongen 6 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kvar er din ven faren?

1«Kvar er din ven faren,

du fagraste av kvinner?

Sei, kvar har din ven teke vegen,

så vi kan vera med deg og leita.»

2«Min ven gjekk ned i hagen sin,

til dei angande blomesenger.

Han ville gjæta i hagane

og sanka liljer der.

3Min ven er min, og eg er hans,

han som gjæter mellom liljer.» Ho er den einaste

4Du er fager som Tirsa, min hugnad,

yndefull som Jerusalem,

ageleg som ein hær under merke.

5Vend augo dine frå meg,

dei villar meg.

Ditt hår er som ein geiteflokk,

dansande nedetter Gileads fjell.

6Dine tenner er som sauer,

nett komne or laug.

Tvillingar har dei alle,

og ingen av dei har mist sine lam.

7Som ei skive av eit granateple

er di panne attom sløret.

8Seksti dronningar er der,

åtti fylgjekoner

og terner utan tal.

9Men berre ei er mi due,

mi lytelause, reine,

einaste barnet til mor si,

gullabarnet åt ho som fødde henne.

Møyar ser henne og prisar henne sæl;

dronningar og fylgjekoner hyller henne.

10«Kven er ho som strålar lik morgonroden,

fager som fullmånen, skir som sola

og ageleg som ein hær under merke?» I natahagen

11Eg gjekk ned i natahagen,

ville sjå kor det grønkast i dalen,

om vintreet hadde sett nye skot,

om granataplane blømde.

12Men før eg vardest,

fylgde eg mine hugskot

og steig opp i min gjæve frendes vogn.

Sjulam-jenta

13«Snu deg, snu deg, du Sjulam-jente!

Snu deg, snu deg, så vi får sjå deg!»

«Kvifor vil de sjå på Sjulam-jenta

når ho rekkjedansen trør?»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help