Nahum 2 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Sjå, han som ber gledebod,

kjem springande over fjell med bodskap om fred.

Hald dine høgtider, Juda,

og gjer det du har lova!

For aldri meir kjem valdsmannen mot deg,

heilt utrudd er han. Stormen over Ninive

2Når ein som vil driva deg bort,

dreg fram imot deg,

hald då vakt i borga,

og hald utkikk langs vegen!

Spenn beltet fast om livet,

ta deg saman og ver sterk!

3– Herren skal atterreisa Jakobs stordom

og Israels velde.

For ransmenn har rana dei

og lagt deira vinhagar aude. –

4Krigarane har raudmåla skjold,

stridsmennene er kledde i skarlak.

Stålet på vognene logar

når han fylkar dei til strid,

og hestane fer uroleg av stad.

5Gjennom gatene rasar vognene fram,

over torga fer dei i susande fart.

Dei ser ut som faklar,

fer att og fram som lyn.

6Stormennene vert kalla fram;

dei snåvar i farten,

men stormar mot muren,

og skjoldtaket vert reist.

7Portane mot elva vert slegne inn,

og borga skjelv i sine grunnvollar.

8Dei steller henne fram,

kler av henne og fører henne bort.

Jentene hennar vert drivne av stad;

dei klagar som duer

og slår seg for brystet.

9Ninive liknar ein dam

som vatnet renn utor.

Dei ropar: «Stogga! Stogga!»

Men ingen kjem att.

10Rana sølv, rana gull!

Her er rikdom utan ende,

ei mengd med allslags dyre ting.

11Tomt og audt og plyndra!

Redde hjarto, vaklande kne,

alle hofter skjelv,

kvart andlet er eldande raudt.

12Kvar er løvehiet, hola åt ungløvene,

der løve og løvemor gjekk,

og ingen skræmde løveungen?

13Løva røva det ungane trong,

ho drap for løvinnene,

fylte sine hi med rov

og sine holer med fengd.

14Sjå, eg skal koma over deg,

lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

Eg lèt vognene dine gå opp i røyk;

dine ungløver skal døy for sverd,

og ditt rov vil eg rydja ut frå jorda.

Røysta åt dine sendebod

skal aldri høyrast meir.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help