Salmane 148 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Lovsyng Herren, himmel og jord!

1Halleluja!

Lovsyng Herren frå himmelen,

lovsyng han i det høge!

2Lov han, alle hans englar,

lov han, heile hans hær!

3Lov han, sol og måne,

lov han, kvar lysande stjerne!

4Lov han, du høge himmel,

du vatn oppover himmelen!

5Dei skal lova Herrens namn,

for dei vart skapte då han baud.

6Han lét dei få sin stad for alltid

og gav ei lov dei ikkje bryt.

7Lovsyng Herren frå jorda,

de store sjødyr og alle havdjup,

8eld og hagl, snø og skodd,

du storm som set hans ord i verk!

9De fjell og alle haugar,

frukttre og alle sedrar,

10de ville dyr og alle slag fe,

krypdyr og flygande fuglar!

11De kongar på jord og alle folk,

stormenn og styresmenn i verda,

12de unge menn og kvinner,

gamle folk og gutar!

13Dei skal lova Herrens namn,

for berre hans namn er opphøgt;

hans herlegdom er utbreidd

over himmel og jord.

14Stor kraft har han gjeve sitt folk.

Difor får han lovsong frå alle sine trugne,

frå Israel, det folket som får vera han nær.

Halleluja!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help