1Son min, ta vare på mine ord,
gøym mine bod i din hug!
2Ta vare på mine bod, så skal du leva,
og på mi lære som din augnestein!
3Bind dei fast til fingrane dine,
og skriv dei på di hjartetavle!
4Sei til visdomen: «Du er mi syster,»
og kall vitet din frende!
5Så vaktar dei deg mot annan manns kone,
mot framand kvinne som lokkar så fint.
6Ein gong såg eg ut gjennom glaset,
kikka ut gjennom gluggen.
7Då såg eg mellom dei unge ein tankelaus gut,
eg merka meg han blant dei urøynde menn.
8Han gjekk framom på gata ved hennar hjørne,
gjekk og dreiv på vegen ved hennar hus.
9Det var i skumringa, då det kvelda,
på den tid nattemørkret fell på.
10Då kjem kvinna imot han
i skjøkjebunad og med listige planar.
11Ho er så rastlaus og ustyrleg,
ho kan ikkje halda seg roleg heime.
12Snart er ho på gata og snart på torget,
ho står på lur ved kvart gatehjørne.
13Så tek ho tak i han, kysser han
og seier til han med frekk mine:
14«Eg skulle bera fram eit måltidsoffer,
og no har eg gjort det eg lova.
15Så gjekk eg ut til møtes med deg,
eg leita etter deg og fann deg.
16Eg har lagt teppe på mi seng,
fargerikt lin frå Egypt,
17og over mi lege har eg strøytt
myrra, aloë og kanel.
18Kom, lat oss nyta kjærleiksrusen,
hyggja oss i elskhug til morgonen gryr.
19For mannen min er ikkje heime,
han er ute på langferd.
20Pengepungen tok han med seg,
fyrst ved fullmånetid kjem han heim.»
21Ho vann han med lokkande ord,
med falske lipper forførte ho han.
22Han fylgjer etter henne med det same,
lik ein okse dei fører til slakting,
eller ein hjort som går i fella,
23til pila borar seg inn i levra;
han liknar fuglen som flyg i snara
og ikkje skjønar at det gjeld livet.
24Så høyr no på meg, mine born,
lyd på orda frå min munn!
25Lat deg ikkje lokka til å velja
dei vegar framand kvinne går,
villa deg ikkje inn på hennar stigar!
26For mange har ho gjeve banesår,
talrike er dei ho har felt.
27Frå hennar hus går vegar til dødsriket,
dei fører til dødens mørke rom.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.