1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
2Du skal ikkje ta deg kone og ikkje få søner og døtrer på denne staden.
3For så seier Herren om dei sønene og døtrene som vert fødde her, om mødrene som føder dei, og om fedrane som avlar dei her i landet:
4Dei skal døy ein pinefull død, og det skal ikkje haldast syrgjehøgtid eller gravferd for dei; dei skal verta til gjødsel på marka. Sverd og svolt skal tyna dei, og lika av dei skal verta til føde for fuglane under himmelen og dyra på marka.
5Så seier Herren: Gå ikkje inn i syrgjehus, gå ikkje dit og klag, og syn ikkje medkjensle med dei! For eg har teke min fred frå dette folket, min truskap og mi miskunn, lyder ordet frå Herren.
8Gå heller ikkje inn i eit hus der dei held gjestebod, for å sitja i lag med andre og eta og drikka.
9For så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Enno medan de lever, ja, beint framfor augo dykkar, lèt eg fagnadrop og glederop og røyst av brudgom og røyst av brur tagna på denne staden.
10Når du kunngjer alt dette for folket her, kan det henda at dei spør deg: «Kvifor har Herren sagt at heile denne store ulukka skal koma over oss? Kva for ei misgjerning og kva for ei synd har vi gjort mot Herren vår Gud?» Heim att til fedrejorda
14Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då dei ikkje lenger skal seia: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane opp frå Egypt,» Folkeslag skal få kjenna Herrens makt
19Herre, min styrke og mitt vern,
mi livd i trengselstida!
Til deg skal folkeslag koma
frå endane av jorda og seia:
«Berre lygn fekk fedrane våre i arv,
gagnlause gudar som ikkje kan hjelpa.
20Kan menneske laga seg gudar?
Dei er då ikkje gudar.»
21Sjå, difor lèt eg dei kjenna,
ja, denne gongen lèt eg dei kjenna
mi makt og mitt velde,
og dei skal sanna at mitt namn er Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.