1. Samuelsbok 27 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

David i teneste hjå filistarane

1Men David tenkte med seg: «Ein dag kjem eg likevel til å falla for Sauls hand. Det beste eg kan gjera, er å røma til Filistarlandet. Då vil Saul halda opp med å leita etter meg rundt ikring i heile Israel, og eg slepp unna han.»

2Så tok David ut med dei seks hundre mennene som fylgde han, og fór over til Akisj, son til Maok, kongen i Gat.

7Den tid David budde i Filistarlandet, var i alt eitt år og fire månader.

8David og mennene hans drog ofte ut på herjeferder mot gesjurittane, girsittane og amalekittane. Det var dei folka som frå gamalt hadde butt i landet bort imot Sjur og heilt til Egypt.

9Når David herja der i landet, sparte han korkje menn eller kvinner. Han tok med seg småfe og storfe, esel, kamelar og klede og kom attende til Akisj med det.

10Når så Akisj spurde: «Kvar har de herja i dag?» svara David: «I Negev, både mellom judearane, jerakme'elittane og kenittane.»

11Det fanst korkje mann eller kvinne som David sparte og tok med seg til Gat. For han tenkte: «Dei kunne fortelja eitkvart om oss og seia at så og så har David gjort.» Såleis fór David fram heile den tida han budde i Filistarlandet.

12Men Akisj trudde David og tenkte: «No har David skapt ein sterk uvilje mot seg i Israel, sitt eige folk; og han kjem til å vera min mann for alltid.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help