Salmane 47 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Gud er konge over all jorda

1Til korleiaren. Av Korah-songarane.

Ein salme.

2Klapp i hendene, alle folk,

hyll no Gud med jubelrop!

3For ageleg er Herren, Den Høgste,

den store kongen over all jorda.

4Han la folkeslag under oss,

folkeætter under våre føter.

5Han valde eit land som han gav oss i arv,

ein stolt arv for Jakob, som han elskar. Sela

6Gud drog opp medan jubelrop ljoma,

Herren kom medan horna klang.

7Syng for Gud, ja, syng og spel,

syng og spel for vår konge!

8For Gud er konge over all jorda.

Syng ein lovsong for han!

9Gud er konge over folka,

han sit på sin heilage kongsstol.

10Fyrstane over folka skal samlast

med folket åt Abrahams Gud.

For skjoldane på jorda er i Guds makt.

Høgt er han opphøgd.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help