1På den tid vart Abia, son til Jeroboam, sjuk.
2Då sa Jeroboam til kona si: «Ta og kled deg ut, så ingen kan sjå at du er kona mi. Gå så til Sjilo, der profeten Akia bur, han som spådde at eg skulle verta konge over dette folket.
18Heile Israel fylgde han til grava og heldt syrgjehøgtid over han. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom profeten Akia, tenaren sin.
19Det som elles er å seia om Jeroboam, om krigane han førte, og korleis han styrte, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
20Jeroboam styrte i tjueto år. Så gjekk han til kvile hjå fedrane sine, og Nadab, son hans, vart konge etter han.
Kong Rehabeam i Juda21I Juda rådde Rehabeam, son til Salomo. Han var førtiein år gamal då han vart konge, og han styrte i sytten år i Jerusalem, den byen Herren hadde valt ut i alle Israels-ættene og gjort til bustad for namnet sitt. Mor hans heitte Na'ama og var frå Ammon.
22Folket i Juda gjorde det som vondt var i Herrens augo. Med syndene sine eggja dei han til harme endå meir enn fedrane deira hadde gjort.
23Dei bygde seg offerhaugar og reiste steinstøtter og Asjera-pålar på kvar høg haug og under kvart grønt tre.
25Så hende det i det femte styringsåret åt Rehabeam at Sjisjak, kongen i Egypt, gjorde ei hærferd mot Jerusalem. 11,40; 2 Krøn 12,2
26Han tok alle skattane både i Herrens hus og i kongsgarden. Like eins tok han alle gullskjolda som Salomo hadde fått laga. 10,16
27I staden fekk kong Rehabeam laga bronseskjold, og han sette hovdingane over livvakta som heldt vakt i slottsporten, til å ta vare på dei.
28Kvar gong kongen gjekk inn i Herrens hus, bar vaktene desse skjolda og tok dei så med seg attende til vaktromet.
29Det som elles er å seia om Rehabeam og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. 2 Krøn 12,15ff
30Mellom Rehabeam og Jeroboam var det ufred heile tida.
31Så gjekk Rehabeam til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Davids-byen. Mor hans heitte Na'ama og var frå Ammon. Abia, son hans, vart konge etter han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.