Hebrearane 7 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Melkisedeks prestedøme

1Denne Melkisedek var konge i Salem og prest for Den Høgste Gud. Han gjekk til møtes med Abraham og velsigna han då Abraham kom att etter sigeren over kongane.

3Han er utan far og utan mor og har inga ættetavle. Dagane hans har inga byrjing, og livet hans tek aldri ende. Slik er han eit bilete på Guds Son og vert verande prest for alltid.

4Legg merke til kor stor han er, denne mannen som Abraham, patriarken, gav tiend av det beste hærfanget.

5Rett nok skal dei av Levi søner som vert prestar, etter lova ta tiend av folket, det vil seia av sine eigne brør, endå desse er ætta frå Abraham.

15Alt dette vert endå klårare når det stig fram ein annan prest, ein som er lik Melkisedek.

16Han har ikkje vorte prest etter ei lov som krev ei viss nedætting, men på grunn av krafta i eit uforgjengeleg liv.

17Han får då det vitnemålet:

Du skal vera prest til evig tid

på Melkisedeks vis.

18Med dette har eit eldre bod slutta å gjelda av di det var veikt og gagnlaust.

19For lova førte ikkje noko til fullending. Men no vert ho avløyst av noko betre, ei von som gjer at vi kan nærma oss Gud.Kristus er prest til evig tid

20Dette har ikkje hendt utan eid. Dei andre vart prestar utan eid,

21men denne vart innsett med eid av Gud som seier:

Herren har svore og angrar det ikkje:

Du skal vera prest til evig tid.

22Difor er ho òg så mykje betre, den pakta Jesus går god for.

23Dessutan har det vore fleire av desse prestane, for døden hindra dei i å halda fram.

24Men Jesus har eit prestedøme som ikkje tek ende, av di han vert verande til evig tid.

25Difor kan han òg fullt og heilt frelsa dei som kjem til Gud ved han, sidan han alltid lever og går i forbøn for dei.

26Ja, ein slik øvsteprest var det vi måtte ha: heilag, god og rein, utskild frå syndarar og opphøgd over himlane.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help