1Gled deg ikkje, Israel!
Jubla ikkje som dei andre folka!
I utruskap har du gått bort frå din Gud,
du ville gjerne ha horeløn
på alle stader der dei treskjer korn.
2Så skal ikkje treskjevoll
og vinpresse gje dei føde,
og vinhausten skal mislukkast for dei.
3Dei skal ikkje få bu i Herrens land.
Efraim skal attende til Egypt,
og i Assyria skal dei eta urein mat.
4Dei skal ikkje ofra vin til Herren,
deira slaktoffer skal ikkje tekkjast han.
Det skal vera som syrgjebrød for dei,
alle som et det, vert ureine.
For dei har sitt brød for seg sjølve,
det kjem ikkje til Herrens hus.
5Kva vil de gjera på høgtidsdagen,
på Herrens festdag?
6Sjå, kjem dei seg unna øydelegginga,
skal egyptarane samla dei
og folket i Memfis gravleggja dei.
Nesler skal løyna deira sølvskattar,
klunger skal veksa i deira telt.
7Komne er rekneskapsdagane,
komen er attergjeldstida;
det skal Israel få merka.
«Profeten er ein dåre,
vitlaus er åndsmannen!»
Ja, fordi di misgjerning er så stor
og din fiendskap så sterk!
8Profeten er Efraims vaktar for min Gud,
men snarer er det på alle hans vegar;
det er fiendskap i huset åt hans Gud.
9Djupt har dei sokke i vondskap,
som i Gibeas dagar.
Han skal koma deira misgjerning i hug
og krevja dei til rekneskap for deira synder. Efraim skal ikkje lenger bera frukt
10Som druer i øydemarka
fann eg Israel;
som tidlegfrukt på det unge fikentreet
valde eg ut dykkar fedrar.
Men då dei kom til Ba'al-Peor,
vigde dei seg til den avskyelege guden
og vart ufyselege som han dei elska.
11Efraims herlegdom kverv
lik ein fugl som flyg bort.
Ingen føder, ingen er svanger,
og ingen vert med barn.
12Jamvel om dei fostrar born,
skal eg gjera dei barnlause.
Ja, ve dei, når eg går frå dei!
13Eg såg Efraim planta i ei eng,
like trygg som Tyrus.
Men no må dei føra borna sine ut
til han som skal drepa dei.
14Gjev dei, Herre!
Men kva skal du gje dei?
Gjev dei morsliv som føder for tidleg,
og bryst som ikkje gjev mjølk.
15All deira vondskap er samla i Gilgal,
der fekk eg uvilje mot dei.
Fordi dei har gjort så mykje vondt,
vil eg driva dei ut or mitt hus.
Eg kan ikkje elska dei lenger,
alle deira førarar er opprørarar.
16Efraim er slegen, rota deira er turka,
dei skal ikkje lenger bera frukt.
Og jamvel om kvinnene føder,
lèt eg deira kjære born døy.
17Min Gud skal støyta dei bort,
fordi dei ikkje har høyrt på han.
Dei skal flakka ikring mellom folka.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.