1Ein gong gav folket seg til å klaga til Herren over at dei hadde det så vondt. Då Herren høyrde det, loga vreiden hans opp. Eld frå Herren braut ut mellom dei og herja i utkanten av leiren.
4Flokken av framande som hadde gjeve seg i lag med dei, fekk veldig lyst på mat. Då tok israelittane òg til å jamra seg att. «Å, gjev vi hadde kjøt å eta!» sa dei.
10Moses høyrde at folket jamra seg attmed teltdørene, i den eine huslyden etter den andre. Då loga Herrens vreide opp, og Moses tykte det var ille.
11Han sa til Herren: Kvifor er du så hard med tenaren din? Kvifor har du ingen godvilje for meg, sidan du legg på meg den børa å syta for heile dette folket?
12Er det eg som har født dette folket, sidan du seier at eg skal ta det ved barmen, liksom ei fostermor tek eit spedbarn, og bera det til det landet du har lova fedrane deira?
13Kvar skal eg få kjøt frå til heile dette folket, når dei jamrar seg og seier til meg: «Lat oss få kjøt å eta!»
14Åleine kan eg ikkje bera heile dette folket. Det er meir enn eg maktar.
15Vil du laga det så for meg, så lat meg heller døy med ein gong! Har du godvilje for meg, så lat meg sleppa å sjå mi eiga ulukke!
16Då sa Herren til Moses: Kall saman sytti av dei eldste i Israel, dei som du veit er styresmenn og tilsynsmenn i folket. Ta dei med deg til møteteltet og lat dei stiga fram saman med deg!
24Så gjekk Moses ut og fortalde folket kva Herren hadde sagt. Han samla sytti av dei eldste i folket og bad dei stå rundt ikring teltet.
25Då steig Herren ned i ei sky og tala til han. Han tok av den Anden som var over Moses, og gav til dei sytti eldste. Då Anden var komen over dei, tala dei profetord. Men det gjorde dei ikkje sidan.
26To av mennene hadde vorte att i leiren. Den eine heitte Eldad og den andre Medad. Over dei òg kom Anden, for dei høyrde til dei som var oppskrivne, jamvel om dei ikkje hadde gått ut til teltet. Og dei tala profetord i leiren.
27Då sprang ein gut av stad og sa frå til Moses: «Eldad og Medad talar profetord i leiren!»
32Folket gjekk ut og samla vaktlar heile dagen og natta og heile den andre dagen med. Ingen sanka mindre enn ti homer. Og dei la dei i haugar kring heile leiren.
33Men medan dei endå hadde kjøtet mellom tennene, før dei hadde togge det sund, loga Herrens vreide opp mot folket. Han slo dei ned, og det vart eit veldig mannefall.
35Då folket tok ut frå Kibrot-Hatta'ava, fór dei til Haserot, og der vart dei verande ei tid.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.