1Filistarane gjekk til strid mot Israel. Israelittane rømde for dei, og det låg mange falne på Gilboa-fjellet. 1 Sam 31,1–13
2Filistarane sette etter Saul og sønene hans og felte Jonatan, Abinadab og Malkisjua, sønene til Saul.
3Striden vart hard ikring Saul. Bogeskyttarane råka han, og han vart såra.
4Då sa han til våpensveinen sin: «Dra sverdet ditt og renn det gjennom meg, så ikkje desse uomskorne skal koma og fara ill med meg.» Men våpensveinen ville ikkje gjera det; han torde ikkje. Då tok Saul sverdet og stupte mot det.
5Då våpensveinen såg at Saul var død, stupte han òg mot sverdet sitt og døydde.
6Såleis døydde Saul og dei tre sønene hans, og heile hans hus døydde ut med han.
7Då alle israelittane som budde nede på sletta, såg at Israels-mennene hadde rømt, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut frå byane sine og rømde. Og filistarane kom og slo seg ned der.
8Dagen etter kom filistarane og ville rana dei falne. Då fann dei Saul og dei tre sønene hans liggjande på Gilboa-fjellet.
9Dei rana Saul, hogg hovudet av han og tok våpna hans. Så sende dei bodberarar ikring i Filistarlandet; dei skulle ropa ut sigersbodskapen for avgudane deira og for folket.
10Våpna hans la dei ned i gudshuset sitt, og hovudskallen hengde dei opp i Dagons tempel.
11Då folket i Jabesj i Gilead fekk høyra kva filistarane hadde gjort med Saul,
12drog alle våpenføre menn av stad. Dei tok lika av Saul og sønene hans og førte dei til Jabesj. Så gravla dei beina deira under eika i Jabesj og heldt faste i sju dagar.
13Såleis døydde Saul fordi han hadde svike Herren og ikkje halde seg etter Herrens ord, og fordi han hadde spurt daudingånder til råds 1 Sam 15,11ff; 28,7–14
14og ikkje søkt råd hjå Herren. Difor lét Herren han døy, og kongedømet gjekk over til David Isaison.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.