Salmane 118 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Dette er dagen som Herren har gjort

1Pris Herren, for han er god,

evig varer hans miskunn.

2Så skal Israel seia:

Evig varer hans miskunn.

3Arons ætt skal seia:

Evig varer hans miskunn.

4Dei som ottast Herren, skal seia:

Evig varer hans miskunn.

5I trengsla ropa eg til Herren,

han svara og førte meg ut i ope lende.

6Når Herren er med, reddast eg ikkje.

Kva kan vel menneske gjera meg?

7Når Herren er min hjelpar,

kan eg sjå på mine fiendar utan otte.

8Det er betre å fly til Herren

enn å setja si lit til menneske.

9Det er betre å fly til Herren

enn å setja si lit til stormenn.

10Alle folkeslag kringsette meg;

eg heldt dei frå livet i Herrens namn.

11Dei var ikring meg på alle kantar;

eg heldt dei frå livet i Herrens namn.

12Dei var ikring meg som bier.

Dei slokna som eld i klunger;

eg heldt dei frå livet i Herrens namn.

13Dei støytte meg hardt, eg heldt på å falla,

men Herren kom meg til hjelp.

14Herren er mi kraft og min styrke,

og han har vorte mi berging.

15Høyr, jubel og sigersrop lyder

i telta åt dei rettferdige!

Herrens høgre hand gjer storverk,

16Herrens hand reiser opp.

Herrens høgre hand gjer storverk.

17Eg skal ikkje døy, men leva

og fortelja om Herrens gjerningar.

18Hardt har Herren tukta meg,

men han lét meg ikkje døy.

19Lat rettferdsporten opp for meg,

eg vil gå inn og prisa Herren!

20Her er Herrens port,

gjennom den går dei rettferdige inn.

21Eg takkar deg fordi du svara meg,

fordi du vart mi berging.

22Den steinen bygningsmennene vraka,

har vorte hjørnestein.

23Det er Herrens eige verk,

underfullt er det i våre augo.

24Dette er dagen som Herren har gjort;

lat oss jubla og gleda oss no!

25Å, Herre, gjev frelse,

å, Herre, lat det lukkast!

26Velsigna vere den

som kjem i Herrens namn!

Vi velsignar dykk frå Herrens hus.

27Herren er Gud, han gav oss ljos.

Knyt festtoget saman med greiner

heilt opp til altarhorna!

28Du er min Gud, eg takkar deg;

min Gud, eg lovsyng deg.

29Pris Herren, for han er god,

ev ig varer hans miskunn.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help