4. Mosebok 33 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Israels dagsmarsjar i øydemarka

1Desse dagsmarsjane gjorde israelittane då Moses og Aron førte dei ut or Egypt, flokk for flokk.

2Etter påbod frå Herren skreiv Moses opp dei stadene dei tok ut frå på ferdene sine. Og dette er dagsmarsjane, rekna frå dei stadene dei tok ut frå:

3Den femtande dagen i den fyrste månaden tok dei ut frå Ramses. Det var dagen etter påskehøgtida israelittane fór av stad, med fast vilje, midt for augo på alle egyptarane.

5Då israelittane hadde fare frå Ramses, slo dei fyrst leir i Sukkot.

16Frå Sinai-øydemarka tok dei ut og slo leir i Kibrot-Hatta'ava.

38Då gjekk Aron, presten, opp på Hor-fjellet, som Herren hadde sagt han føre. Og der døydde han i det førtiande året etter at israelittane hadde fare frå Egypt, den fyrste dagen i den femte månaden. 20,25ff; 5 Mos 10,6; 32,50

39Aron var 123 år gamal då han døydde på Hor-fjellet.

40Då kanaanearkongen i Arad, som budde i Negev, fekk høyra at israelittane kom, 21,1

41tok dei ut frå Hor-fjellet og slo leir i Salmona.

42Frå Salmona tok dei ut og slo leir i Punon.

43Frå Punon tok dei ut og slo leir i Obot. 21,10

44Frå Obot tok dei ut og slo leir i Ijje-Abarim på grensa til Moab. 21,11

45Frå Ijjim tok dei ut og slo leir i Dibon-Gad.

46Frå Dibon-Gad tok dei ut og slo leir i Almon-Diblatajim.

47Frå Almon-Diblatajim tok dei ut og slo leir ved Abarim-fjella, midt for Nebo.

48Då dei tok ut frå Abarim-fjella, slo dei leir på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.

49Leiren deira låg langsmed Jordan og rakk frå Bet-Jesjimot til Abel-Sjittim på slettene i Moab.

50På slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko, tala Herren til Moses:

51Tal til israelittane og sei til dei: Når de går over Jordan og kjem inn i Kanaan,

52skal de driva ut alle som bur i landet, og slå sund biletstøttene deira. De skal gjera ende på alle bileta dei har støypt seg, og øydeleggja alle offerhaugane deira. 2 Mos 23,32.33; 34,12ff; 5 Mos 7,2ff

53Så skal de ta landet i eige og busetja dykk der; for eg har gjeve dykk det til odel og eige.

54De skal skifta landet mellom dykk ved loddkasting, ætt for ætt. Ei stor ætt skal få stor eigedom og ei lita ætt mindre. Kvar skal få etter som loddet fell, og de skal få eigedom innanfor den ætta som de tilhøyrer. 26,54ff; Jos 14,1

55Men driv de ikkje folket i landet ut, då skal dei de sparer, verta som tornar i augo og broddar i sidene dykkar. Dei kjem til å plaga dykk i dykkar eige land. 2 Mos 34,12.15.16; Jos 23,13; Dom 2,3

56Og det eg hadde tenkt å gjera med dei, det vil eg gjera med dykk.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help