Romarane 8 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Livet i Anden

1Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus.

2For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.

12Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. Vona om herlegdom

18Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår.

28Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla.

29Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken.

33Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner.

For di skuld vert vi drepne dagen lang,

vi vert rekna som slaktesauer.

37Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. Joh 16,33; 1 Joh 5,4f

38For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, Ef 6,12; Kol 2,15

39korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help