1I det attande året Josjafat var konge i Juda, vart Joram, son til Akab, konge i Israel. Han styrte i Samaria i tolv år.
21No fekk moabittane høyra at kongane var komne og ville strida mot dei. Alle våpenføre menn vart mønstra og tok stilling ved grensa.
22Då moabittane stod opp morgonen etter, skein sola på vatnet, og dei tykte det var raudt som blod.
23«Det er blod,» ropa dei. «Kongane har stridt mot kvarandre og slege kvarandre i hel. No skal vi ta hærfang, moabittar!»
24Men då dei kom til Israels-leiren, storma israelittane fram og slo moabittane, så dei laut røma. Så sette dei etter moabittane og slo dei heilt.
25No reiv dei ned byane, og kvar grøderik åker fylte dei med stein; for kvar mann kasta sin stein. Kvar vasskjelde dytte dei att, og kvart frukttre felte dei. Til slutt var det berre stein att i Kir-Hareset. Slyngjekastarane kringsette byen og gjekk til åtak på han.
26Då Moab-kongen såg at striden vart for hard for han, tok han med seg sju hundre mann, væpna med sverd, og ville bryta igjennom og nå bort til Edom-kongen. Men det greidde dei ikkje.
27Då tok kongen eldste son sin, som skulle verta konge etter han, og ofra han som brennoffer på bymuren. Og israelittane fekk slik støkk i seg at dei drog bort derifrå og fór heim att til sitt eige land.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.