4. Mosebok 6 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Nasirearlova

1Herren sa til Moses:

2Du skal tala til israelittane og seia: Når nokon, mann eller kvinne, gjer ein høgtideleg nasirearlovnad og vier seg til Herren,

3skal han halda seg frå vin og annan sterk drikk. Han skal ikkje drikka eddik som er laga av vin eller annan sterk drikk, eller saft som er laga av druer. Og druer må han ikkje eta, anten dei er friske eller turka.

4Så lenge han er nasirear, må han ikkje eta noko som er laga av vindruer, ikkje eingong av karten eller skinnet.

5Så lenge nasirearlovnaden gjeld, må det ikkje koma rakekniv på hovudet hans. Heilt til vigslingstida er ute, skal han vera heilag. Han skal la håret på hovudet veksa og hanga fritt.

21Dette er lova om nasirearen og den lovnaden han gjev, og om det offeret han skal bera fram for Herren når han vert vigd, attåt det han elles har råd til. Han skal gjera alt det han har gjeve lovnad om, og det som nasirearlova elles krev.

Herrens velsigning

22Herren sa til Moses:

23Du skal tala til Aron og sønene hans og seia til dei: Når de velsignar israelittane, skal de seia:

24Herren velsigne deg

og vare deg!

25Herren la sitt andlet lysa over deg

og vere deg nådig!

26Herren lyfte sitt åsyn på deg

og gjeve deg fred!

27Når dei såleis legg mitt namn på israelittane, vil eg velsigna dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help