1Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med læresveinane sine og over til hi sida av Kedron-bekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i.
10Simon Peter hadde eit sverd, og det drog han og hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde av han høgre øyra. Tenaren heitte Malkus.
11Men Jesus sa til Peter: «Stikk sverdet i slira! Lyt eg ikkje drikka den skåla som Faderen har gjeve meg?»Jesus for øvstepresten. Peter fornektar(Matt 26,57–75; Mark 14,53–72; Luk 22,54–71)
12Soldatane, offiseren og mennene frå jødane greip no Jesus og batt han.
13Fyrst førte dei han til Annas, for han var verfar til Kaifas, som var øvsteprest det året.
14Det var Kaifas som hadde gjeve jødane det rådet at det var best om eitt menneske døydde for folket.
15Simon Peter og ein annan læresvein fylgde etter Jesus. Denne læresveinen var kjend med øvstepresten, og han kom inn på gardsplassen åt øvstepresten saman med Jesus.
16Men Peter vart ståande utanfor ved porten. Den læresveinen som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og tala med tenestjenta som heldt vakt ved porten, og fekk Peter med seg inn.
17I det same seier ho til Peter: «Er du òg ein av læresveinane til denne mannen?» «Nei,» svara han, «det er eg ikkje.»
18Det var kaldt, så tenarane og vaktmennene hadde gjort opp ein koleld og stod og vermde seg. Peter òg vart ståande der saman med dei og vermde seg.
19Øvstepresten spurde no Jesus ut om læresveinane hans og om læra hans.
20«Eg har tala ope og fritt for alle,» svara Jesus. «Eg har alltid lært i synagoger og i templet, der alle jødar kjem saman; i løynd har eg aldri tala.
25Imedan stod Simon Peter og vermde seg. Då sa dei til han: «Er du òg ein av læresveinane hans?» Men han nekta og sa: «Nei, det er eg ikkje.»
26Ein av tenarane til øvstepresten, ein slektning til han som Peter hadde hogge øyra av, seier: «Såg eg deg ikkje i hagen saman med han?» Jesus for Pilatus(Matt 27,1–2.11–21; Mark 15,1–11; Luk 23,1–5.13–20)
28Frå Kaifas førte dei Jesus til borga åt landshovdingen. Det var tidleg om morgonen. Sjølve gjekk dei ikkje inn i borga; dei ville ikkje gjera seg ureine, for då kunne dei ikkje eta påskemåltidet.
29Pilatus gjekk då ut til dei og sa: «Kva klagemål fører de mot denne mannen?»
30Dei svara: «Var han ikkje ein brotsmann, hadde vi ikkje gjeve han over til deg.»
31«Ta han de,» sa Pilatus, «og døm han etter dykkar eiga lov!» Men jødane svara: «Vi har ikkje rett til å ta livet av nokon.»
33Pilatus gjekk då atter inn i borga; han kalla Jesus fram for seg og spurde: «Er du kongen over jødane?»
34Jesus svara: «Seier du dette av deg sjølv, eller har andre sagt deg det?»
35«Er vel eg jøde?» sa Pilatus. «Folket ditt og overprestane har gjeve deg over til meg. Kva har du gjort?»
36Då sa Jesus: «Mitt rike er ikkje av denne verda. Var riket mitt av denne verda, hadde mennene mine stridt for meg, så eg ikkje skulle koma i hendene på jødane. Men riket mitt er ikkje av denne verda.» 6,15
37«Så er du då konge?» sa Pilatus. «Du seier det,» svara Jesus. «Eg er konge. Til det er eg fødd, og til det er eg komen til verda, at eg skal vitna om sanninga. Kvar den som er av sanninga, høyrer mi røyst.» 1 Tim 6,13
38«Kva er sanning?» sa Pilatus. Dermed gjekk han ut til jødane att og sa til dei: «Eg finn inga skuld hjå denne mannen.
39Men de er vane med at eg gjev dykk ein mann fri til påske. Vil de at eg skal gje dykk kongen over jødane fri?»
40Då ropa dei endå ein gong: «Ikkje han, men Barabbas!» Men Barabbas var ein røvar.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.