1Tre dagar etter at Festus var komen til provinsen, drog han frå Cæsarea og opp til Jerusalem.
2Overprestane og dei fremste av jødane møtte då fram hjå han med klagemål mot Paulus. Og dei bad han
14Dei vart verande der ei tid, og så fortalde Festus kongen om saka til Paulus: «Det er ein mann her,» sa han, «som Feliks har late etter seg i fengslet.
23Dagen etter kom Agrippa og Berenike i full stas og steig inn i rettssalen saman med dei øvste offiserane og dei fremste mennene i byen. Festus sa frå at Paulus skulle hentast, og han vart ført inn.
24Så tok Festus til ords og sa: «Kong Agrippa og alle de som er samla her! No ser de den mannen som har fått alle jødar til å venda seg til meg, både i Jerusalem og her. Dei ropar og krev at han ikkje skal få leva lenger.
25Eg skjøna at han ikkje hadde gjort noko som han burde lata livet for. Men då han anka til keisaren, sette eg meg føre å senda han dit. 23,29; 26,31
26No har eg ikkje noko påliteleg å skriva til majesteten. Difor fører eg han fram for dykk, fyrst og fremst for deg, kong Agrippa, så eg etter forhøyret kan vita kva eg skal skriva.
27For eg tykkjer det er meiningslaust å senda ein fange av stad utan å gjera greie for klagemålet mot han.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.