2. Mosebok 26 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Den heilage bustaden

1Heilagdomen skal du laga av ti teltdukar. Dei skal vera av fint, tvinna lingarn og fiolett, purpurraud og karmosinraud ull. I dukane skal du veva inn kjerubar i kunstvevnad.

31Du skal laga eit forheng av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn. I forhenget skal det vevast inn kjerubar i kunstvevnad.

32Du skal hengja det opp på fire gullkledde akasiestolpar som det er gullhakar på, og som står på fire fotstykke av sølv.

33Rett under krokane skal du hengja det, og innanfor forhenget skal du setja lovkista. Forhenget skal vera ein skiljevegg mellom Det heilage og Det høgheilage.

34På lovkista i Det høgheilage skal du setja soningsstaden. 25,17ff+

35Bordet skal du setja utanfor forhenget, og ljosestaken ved sørveggen i heilagdomen, midt for bordet, som skal stå ved nordveggen.

36Til teltdøra skal du laga eit teppe av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn, vove i mange leter.

37Til teppet skal du laga fem akasiestolpar og kle dei med gull. På stolpane skal det vera gullhakar, og du skal støypa fem fotstykke av bronse til dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help