1Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren, då Nebukadnesar, babylonarkongen, og heile hæren hans, saman med alle rike på jorda som stod under hans herredøme, og alle folkeslaga stridde mot Jerusalem og alle byane der ikring:
4Men høyr Herrens ord, Sidkia, Juda-konge! Så seier Herren om deg: Du skal ikkje falla for sverd,
5men døy i fred. Og liksom dei kveikte eld til ære for fedrane dine, som var kongar før deg, skal dei kveikja eld til ære for deg òg. Dei skal halda syrgjehøgtid over deg og ropa: «Å ve, herre!» Dette er mine ord, seier Herren.
6Alt dette tala profeten Jeremia til Juda-kongen Sidkia i Jerusalem,
7medan babylonarkongens hær stridde mot Jerusalem og dei andre byane som var att i Juda: Lakisj og Aseka. Det var dei einaste festningsbyane som var att i Juda.Brot på avtalen om å gje trælar fri
8Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren etter at kong Sidkia hadde gjort ein avtale med alt folket i Jerusalem om å lysa ut frigjeving av trælar.
9Kvar og ein som hadde ein træl eller ei trælkvinne av hebrearætt, skulle gje dei fri; ingen skulle halda sin judeiske landsmann i trældom.
10Alle hovdingane og kvar mann av folket som var med på avtalen, heldt han og gav trælen sin eller trælkvinna si fri, så dei slapp å tena dei lenger. Dei lydde og lét dei gå.
11Men sidan snudde dei om; dei tok tilbake trælane og trælkvinnene som dei hadde gjeve fri, og tvinga dei til trældom att.
12Då kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så:
13Så seier Herren, Israels Gud: Eg gjorde pakt med fedrane dykkar den gongen eg førte dei ut or Egypt, or trælehuset. Då sa eg:
14«Når sju år er lidne, skal kvar og ein av dykk gje fri sin hebraiske landsmann som har mått selja seg til deg. Seks år skal han tena deg, men så skal du gje han fri og la han gå.» Men fedrane dykkar høyrde ikkje på meg og vende ikkje øyra til.
15De vende nyleg om og gjorde det som rett er i mine augo, då de kunngjorde at kvar og ein skulle frigje den landsmannen han heldt i trældom; de gjorde ein avtale om det for mitt åsyn, i det huset som ber mitt namn.
16Men så snudde de om og vanæra mitt namn då de tok tilbake trælane og trælkvinnene som de hadde gjeve fri, og tvinga dei til trældom att.
17Difor seier Herren: Fordi de ikkje ville høyra på meg og lysa ut frigjeving for frende og landsmann, lyser eg ut frigjeving for dykk, seier Herren. De skal gjevast over til sverd og pest og svolt, og eg vil gjera dykk til eit skræmebilete for alle rike på jorda.
19Hovdingane i Juda og Jerusalem, hoffmennene og prestane og alt folket i landet som gjekk mellom stykka av kalven,
20gjev eg i hendene på fiendane deira og på folk som står dei etter livet. Lika deira skal verta til føde for fuglane under himmelen og dyra på marka.
21Juda-kongen Sidkia og hovdingane hans gjev eg i hendene på fiendane deira, folk som står dei etter livet. Eg gjev dei over til babylonarkongens hær, som no er faren bort frå dykk.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.