1Mika heitte ein mann som budde i Efraims-fjella.
2Ein dag sa han til mor si: «Dei elleve hundre sekel sølv som vart tekne frå deg – du lyste endå ei forbanning for den skuld medan eg høyrde på – dei pengane er hjå meg; det er eg som har teke dei.» Mor hans sa: «Herren velsigne deg, son min!»
3Då han gav dei elleve hundre sekel sølv attende til mor si, sa ho: «Desse pengane vier eg til Herren og gjev dei til son min, så han kan laga eit utskore gudebilete og eit støypt bilete. No skal du få dei att.»
4Så tok ho to hundre sekel av dei pengane som han kom med, og gav dei til ein gullsmed. Han laga eit utskore gudebilete og eit støypt bilete; dei stod sidan i huset til Mika.
5Denne Mika hadde eit gudshus. Han hadde laga ein efod og nokre husgudar og sett ein av sønene sine til å vera prest for seg.
7Det var ein ung mann av Juda-ætta som hadde slege seg ned der. Han var ein levitt frå Betlehem i Juda.
8Denne mannen hadde flytt frå byen sin, frå Betlehem i Juda, og ville finna seg ein bustad der det kunne høva. På ferda si kom han til huset åt Mika i Efraims-fjella.
9Mika spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Eg er ein levitt frå Betlehem i Juda, og no er eg ute og ferdast og vil finna meg ein stad der det kunne høva å setja bu.»
10Då sa Mika til han: «Gjev deg til her, og ver far og prest for meg! Eg skal gje deg ti sekel sølv for året og halda deg med mat og klede.» Og levitten vart med han inn. 18,19
11Han gjekk med på å vera hjå mannen og vart som ein av sønene hans.
12Mika sette den unge levitten til prest hjå seg, og han vart verande i huset hans Mika.
13Mika sa: «No veit eg at Herren vil gjera vel mot meg, sidan eg har fått ein levitt til prest.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.