1Bøn til bruk for ein lidande, når han er kraftlaus og klagar si naud for Herren.
2Herre, høyr mi bøn,
lat mitt rop nå fram til deg!
3Løyn ikkje ditt andlet for meg
den dagen eg er i naud.
Vend øyra ditt til meg,
skund deg og svar når eg ropar!
4For mine dagar kverv som røyk,
mine lemer brenn som eld.
5Mitt hjarta er slege og visna som gras,
for eg har gløymt å eta mitt brød.
6Eg sukkar og styn,
eg er berre skinn og bein.
7Eg liknar pelikanen i øydemarka,
er vorten som ugla på aude stader.
8Eg ligg vaken,
eg er som ein einsleg fugl på taket.
9Mine fiendar spottar meg heile dagen,
dei som gjer narr av meg,
brukar mitt namn til forbanning.
10Eg må eta oske som brød,
eg blandar min drikk med tårer,
11fordi du er harm og vreid på meg;
du har då gripe meg og slengt meg bort.
12Dagen min hallar, og skuggen lengjest,
eg visnar bort som gras.
13Men du, Herre, tronar til evig tid,
ditt minne varer frå ætt til ætt.
14Du vil reisa deg og miskunna Sion,
for no er timen komen,
tida då du vil visa nåde.
15Dine tenarar elskar steinane på Sion
og ynkast over grushaugane der.
16Folkeslag skal ottast ditt namn, Herre,
alle kongane på jorda din herlegdom.
17For Herren vil byggja opp att Sion
og syna seg i sin herlegdom.
18Han lyder etter når armingar bed,
og vanvørder ikkje deira bøn.
19Dette er skrive for komande ætter,
eit nyskapt folk skal prisa Herren.
20For Herren ser ned frå sin heilage høgsal,
frå himmelen skodar han ned på jorda.
21Han vil høyra når fangane sukkar,
og løysa dei som er vigde til døden.
22Så skal Herrens namn forkynnast på Sion,
hans lov og pris i Jerusalem,
23når folkeslag og kongerike
samlar seg og tener Herren.
24Han har brote mi kraft på vegen
og sett ned mitt dagetal.
25Eg bed: Min Gud, ta meg ikkje bort
midt i mi levetid!
Frå ætt til ætt er dine år.
26Du grunnla jorda i gamal tid,
og himmelen er eit verk av dine hender.
27Dei skal gå til grunne, men du vert verande.
Dei skal alle eldast som ein klednad;
du skifter dei ut som klede.
Dei vert utskifte,
28men du er den same,
dine år tek aldri ende.
29Borna åt dine tenarar får bu i fred,
deira ætt skal stå trygt for ditt åsyn.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.