Jesaja 25 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Valdsmenns velde er slutt

1Herre, du er min Gud.

Eg lovar deg og prisar ditt namn.

For i truskap og sanning har du fullført

dei under du planla i gamal tid.

2Du gjorde byen til ei steinrøys,

festningsbyen til ein grushaug.

Borga åt dei framande er jamna med jorda,

ho skal aldri byggjast meir.

3Difor skal eit mektig folk æra deg,

i valdsmenns by skal dei ottast deg.

4Du vart eit vern for dei verjelause,

eit vern for dei fattige i deira naud,

ei livd mot styrtregn, ein skugge mot hete.

For valdsmenns fnysing

er som styrtregn mot muren,

5som hete i eit utturka land.

Du døyvde bråket åt dei framande.

Som ei sky gjev skugge mot heten

vart songen åt valdsmenn døyvd.

Herrens gjestebod

6På dette fjellet skal Herren, Allhærs Gud,

gjera eit gjestebod for alle folk,

eit gjestebod med feite retter,

eit gjestebod med gamal vin,

med feite, mergfulle retter

og gamal, klåra vin.

7På dette fjellet skal han ta bort

det sløret som ligg over alle folk,

det sveipet som er lagt over alle folkeslag.

8Han skal gjera døden til inkjes for alltid.

Herren vår Gud skal turka

tårene av alle andlet.

Sitt folks vanære skal han ta bort

frå heile jorda.

For Herren har tala. Israels frelse og Moabs undergang

9Den dagen skal dei seia:

«Sjå, dette er vår Gud!

Vi venta på han,

og han frelste oss;

dette er Herren som vi venta på.

Lat oss gleda og fagna oss over hans frelse!»

10For Herrens hand skal kvila

over dette fjellet.

Men moabittane skal trakkast ned i sitt land,

liksom halm vert nedtrakka i gjødselvatn.

11Der breier dei ut sine hender

lik den som legg på sum.

Men Herren bøyer deira hovmod

kor dei så kavar med hendene.

12Dine høge festningsmurar støyter han ned,

han jamnar dei med jorda

og styrtar dei i støvet.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help