2. Krønikebok 12 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Farao Sjisjaks hærferd til Juda

1Då Rehabeam hadde kongedømet fast i si hand, og han sjølv var sterk vorten, vende han seg frå Herrens lov, og heile Israel med han.

13Så sat Rehabeam atter trygg i Jerusalem og styrte riket sitt. Han var førtiein år gamal då han vart konge, og sytten år styrte han i Jerusalem, den byen Herren hadde valt ut i alle Israels-ættene og gjort til bustad for namnet sitt. Mor hans heitte Na'ama og var frå Ammon. 1 Kong 14,21–24.29–31

14Rehabeam gjorde det som vondt var; for han la ikkje vinn på å søkja Herren.

15Det som er å fortelja om Rehabeam, frå fyrst til sist, det står skrive i bøkene åt profeten Sjemaja og sjåaren Iddo, saman med ættelista hans. Mellom Rehabeam og Jeroboam var det ufred heile tida. 13,22

16Så gjekk Rehabeam til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Davids-byen, og Abia, son hans, vart konge etter han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help