1Ein Davids-salme.
Herre, eg ropar til deg.
Skunda deg og hjelp meg!
Vend øyra til mi røyst når eg ropar til deg!
2Lat mi bøn gjelda som røykjelse for deg,
mine opplyfte hender som offer om kvelden.
3Herre, set vakt for min munn,
vakta mine lippers dør!
4Lat meg ikkje få lyst til noko vondt,
til å gjera gudlause gjerningar
saman med ugjerningsmenn!
Deira beste mat vil eg ikkje smaka.
5Ein rettferdig mann kan slå meg,
han tuktar meg i kjærleik.
Men gudlause skal aldri
få salva mitt hovud.
Alltid set eg mi bøn
opp mot deira vondskap.
6Deira hovdingar skal støytast nedetter berget,
og dei skal få merka at mine ord var gode.
7Som når ein pløyer og velter opp jord,
skal beina deira strøyast ut
ved inngangen til dødsriket.
8Ja, Herre, mine augo er vende mot deg,
eg flyr til deg.
Lat ikkje livet mitt spillast!
9Hald meg borte frå snara dei set for meg,
frå fellene åt ugjerningsmenn!
10Lat dei gudlause falla i sine eigne garn,
medan eg går uskadd framom.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.