1Eg hadde svar til dei som ikkje spurde,
eg var å finna for dei som ikkje søkte meg.
Til eit folk som ikkje kalla på meg,
sa eg: «Her er eg, her er eg!»
2Heile dagen rette eg ut mine hender
til eit trassig folk,
som gjekk på vonde vegar
og fylgde sine eigne tankar.
3Beint opp i andletet på meg
eggjar folket meg støtt til harme.
Dei ber fram slaktoffer i hagane
og brenner offer på teglstein.
4Dei held til i gravene
og ligg i holer om natta.
Dei et svinekjøt,
har ureint sodd i skålene
5og seier: «Hald deg unna,
rør meg ikkje,
eg er heilag for deg!»
Dette gjer at vreiden min ryk,
han logar som eld heile dagen.
6Sjå, det står skrive for mitt åsyn:
Eg vil ikkje teia
før eg får gjeve dei att,
ja, gjeve dei att midt oppi fanget
7både for deira brot, seier Herren,
og for brota åt fedrane deira.
Dei brende offer på fjella
og vanæra meg på haugane.
Så mæler eg opp i fanget på dei
løna for det dei før har gjort.
8Så seier Herren:
Når det finst saft i druene,
seier ein: «Øydelegg dei ikkje,
for det er velsigning i dei!»
Sameleis gjer eg med mine tenarar;
eg skal ikkje tyna dei alle.
9Eg lèt ei ætt gå fram av Jakob,
av Juda ein arving til mine fjell.
Mine utvalde skal ta landet i eige,
og der skal mine tenarar bu.
10Saron skal verta til sauebeite
og Akor-dalen til storfelæger
for dei av mitt folk som søkjer meg.
11Men de som har gått bort frå Herren
og gløymt mitt heilage fjell,
som dukar offerbord for Gad
og skjenkjer krydda vin for Meni,
12dykkar lagnad skal vera sverdet,
alle skal de bøya dykk til slakting.
For de svara ikkje når eg ropa,
og høyrde ikkje når eg tala,
men gjorde det som vondt var i mine augo,
og valde det som eg ikkje lika.
13Difor, så seier Herren vår Gud:
Sjå, mine tenarar skal eta,
men de skal svelta,
mine tenarar skal drikka,
men de skal tyrsta.
Sjå, mine tenarar skal fegnast,
men de skal skjemmast,
14mine tenarar skal jubla av hjartans lyst,
men de skal skrika av hjartesorg
og jamra dykk i vonløyse.
15Det namn som de lèt etter dykk,
skal mine utvalde bruka
til eit forbanningsord:
«Gjev Herren vår Gud lèt deg døy som dei!»
Men mine tenarar skal få eit anna namn.
16Den som søkjer velsigning i landet,
skal velsigna seg ved den trufaste Gud,
og den som gjer eid i landet,
skal sverja ved den trufaste Gud.
For dei førre trengsler er gløymde,
ja, løynde for augo mine. Det nye Jerusalem
17Sjå, eg skaper
ein ny himmel og ei ny jord.
Det som var, skal ingen minnast,
aldri meir skal det komast i hug.
18Ja, gled og fryd dykk til evig tid
over det som eg skaper!
For eg skaper Jerusalem om
til ein jublande by
og dei som bur der,
til eit lukkeleg folk.
19Og eg vil fryda meg over Jerusalem
og gleda meg over mitt folk.
Aldri meir skal det høyrast
gråt eller klagerop i byen.
20Der skal det ikkje lenger finnast born
som lever berre nokre dagar,
eller gamle som ikkje når
det fulle dagetalet sitt.
Nei, ung er den som døyr hundre år gamal,
og den som ikkje vert hundre,
må vera forbanna.
21Hus skal dei byggja
som dei sjølve får bu i,
vingardar skal dei planta
og sjølve eta frukta.
22Dei skal ikkje byggja så andre får bu,
og ikkje planta så andre får eta.
Dei som høyrer folket mitt til,
skal nå same alder som treet;
dei eg har valt ut,
skal få nyta frukta av sitt arbeid.
23Dei skal ikkje streva til inga nytte
og ikkje få born som brått må døy.
For dei er ei ætt, velsigna av Herren,
dei får ha sine born hjå seg.
24Og før dei ropar, skal eg svara,
medan dei enno talar, vil eg høyra.
25Ulv og lam skal beita saman,
og løva skal eta halm som oksen,
men ormen skal ha mold til mat.
Ingen skal gjera vondt eller ugagn
på heile mitt heilage fjell, seier Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.