5. Mosebok 4 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Hald Herrens bod!

1Så høyr no, Israel, dei føresegner og bod som eg lærer dykk! Hald dykk etter dei, så de kan få leva og koma inn i det landet som Herren, dykkar fedrars Gud, vil gje dykk, og ta det i eige.

2De skal ikkje leggja noko til det eg byd dykk, og ikkje ta noko ifrå, men halda dei boda frå Herren dykkar Gud som eg gjev dykk.

3Med eigne augo såg de kva Herren gjorde ved Ba'al-Peor. Kvar mann som heldt seg til Ba'al-Peor, rudde Herren din Gud ut or folket. Gløym ikkje det som hende ved Horeb!

9Ta deg i vare og akta deg vel, så du ikkje gløymer det du såg for augo dine. Lat det aldri gå deg or minne så lenge du lever, men fortel borna og barneborna dine

10om den dagen då du stod framfor Herren din Gud ved Horeb, den gongen Herren sa til meg: «Kall folket saman! Eg vil la dei høyra orda mine, så dei kan læra å ottast meg alle sine dagar på jorda, og læra borna sine det same.»

21Men Herren vart vreid på meg for dykkar skuld og svor at eg ikkje skulle få gå over Jordan og koma inn i det gode landet som Herren din Gud gjev deg til odel og eige.

25De skal få born og barneborn og bu lenge i landet. Ber de dykk så ille åt at de lagar gudebilete i ein eller annan skapnad og såleis gjer det som er Herren dykkar Gud imot og harmar han,

26skal de snart verta utrudde or det landet de får i eige når de går over Jordan. Det tek eg himmel og jord til vitne på. De får ikkje leva lenge der, men skal gå heilt til grunne.

30Når du er i trengsle, og alt dette kjem over deg, langt fram i tida, skal du venda om til Herren din Gud og lyda orda hans. Herren har synt Israel si store makt

32Spør berre om dei framfarne dagar, som var lenge før di tid, alt frå den dagen då Gud skapte menneske på jorda, og spør frå den eine enden av himmelen til den andre: Har det hendt noko så stort som dette, eller har nokon høyrt om slikt?

33Har eit folk høyrt Gud tala ut or elden, så som du gjorde, og endå fått leva? Fristader i Austjordan-landet

41På den tid skilde Moses ut tre byar austanfor Jordan.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help