Dommarane 9 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kongedømet åt Abimelek

1Abimelek, son til Jerubba'al, fór til morbrørne sine i Sikem. Han tala med dei og med alt morfolket sitt og sa:

7Då Jotam fekk vita det, gjekk han opp på toppen av Garisim-fjellet. Der stod han og ropa til dei: Høyr på meg, de Sikems-menner, så skal Gud høyra på dykk!

8Det var ein gong at trea

ville salva seg ein konge.

Dei sa til oliventreet:

«Du skal vera kongen vår.»

9Men oliventreet svara:

«Skulle eg gje avkall på oljen min,

som gudar og menneske ærar meg for,

og gje meg til å svaga over skogen?»

10Då sa dei til fikentreet:

«Kom du og ver kongen vår!»

11Fikentreet svara:

«Skulle eg gje avkall på mi søte, gode frukt

og gje meg til å svaga over skogen?»

12Så sa dei til vintreet:

«Kom du og ver kongen vår!»

13Vintreet svara:

«Skulle eg gje avkall på safta mi,

som gjer gudar og menneske glade,

og gje meg til å svaga over skogen?»

14Då sa alle trea til klungeren:

«Kom du og ver kongen vår!»

15Klungeren svara:

«Er det alvor

at de vil salva meg til konge,

så kom og svala dykk i skuggen min!

Men er det ikkje,

skal det fara eld ut frå klungeren,

og han skal øyda sedrane på Libanon.»

16Har de fare ærleg og trufast fram når de no har teke Abimelek til konge? Har de gjort vel mot Jerubba'al og ætta hans og lønt far min for det han gjorde

17då han stridde for dykk og våga livet og berga dykk frå midjanittane?

27Dei gjekk ut på marka og hausta vingardane sine, pressa druene og heldt fest og var glade. Så gjekk dei inn i templet til guden sin, åt og drakk og banna Abimelek.

28Då sa Ga'al Ebedsson: «Er Abimelek slik mann og Sikems-buane slike folk at vi skulle vera trælane hans? Er han ikkje son til Jerubba'al, og Sebul tilsynsmannen hans? Ten dei mennene som er ætta frå Hamor, far til Sikem! Men kvifor skulle vi træla under denne mannen?

38Då sa Sebul til han: «Kvar er no dei store orda dine? Det var du som sa: Er Abimelek slik mann at vi skulle træla under han? Sjå, der er dei folka du vørde så lite. Dra no ut og strid imot dei!»

39Då drog Ga'al ut med Sikems-mennene og stridde mot Abimelek.

40Men Abimelek sette etter han og jaga han føre seg. Mange lét livet; det låg falne heilt bort til byporten.

41Sidan slo Abimelek seg ned i Aruma. Og Sebul dreiv Ga'al og brørne hans bort; dei fekk ikkje bu i Sikem.

42Dagen etter skulle Sikems-folket ut på marka. Då Abimelek fekk vita det,

43tok han og delte hæren sin i tre flokkar og la seg i bakhald ute på marka, og då han såg at folka kom ut or byen, sette han på dei og slo dei.

44Sjølv sprang han fram og stelte seg i byporten saman med den flokken som fylgde han, medan dei to andre flokkane tok på alle som var ute på marka, og hogg dei ned.

45Abimelek stridde mot byen heile dagen og tok han. Folket som var der, slo han i hel; byen reiv han ned og strøydde salt på tufta.

46Då mennene i Sikems-borga høyrde det, gjekk dei alle inn i kjellar-romet under El-Berit-templet.

55Då israelittane såg at Abimelek var død, gjekk dei heim, kvar til sitt.

56Såleis gav Gud Abimelek lika for det valdsverket han gjorde mot far sin då han drap dei sytti brørne sine.

57Og alt det vonde som mennene i Sikem hadde gjort, lét Gud koma att over dei sjølve. Dei fekk sanna den forbanninga som Jotam Jerubba'alsson hadde lyst over dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help