Sakarja 8 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Då kom ordet frå Herren, Allhærs Gud, og det lydde så:

2Så seier Herren, Allhærs Gud:

Eg er full av brennhug for Sion,

med stor harme brenn eg for det.

3Så seier Herren:

Eg vender attende til Sion,

midt i Jerusalem vil eg bu.

Jerusalem skal kallast Truskapsbyen,

og berget åt Herren, Allhærs Gud,

skal kallast Det heilage fjellet.

4Så seier Herren, Allhærs Gud:

Atter skal gamle menn og kvinner

sitja på torga i Jerusalem,

alle med stav i hand

fordi dei er så gamle.

5Og torga i byen skal fyllast

av gutar og jenter som leikar seg der.

6Så seier Herren, Allhærs Gud:

Om dette synest umogeleg

for dei som då er att av dette folket,

skulle det vera umogeleg for meg òg?

lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

7Så seier Herren, Allhærs Gud:

Sjå, eg frelser folket mitt

frå landa i aust og i vest.

8Eg fører dei heim;

midt i Jerusalem skal dei bu.

Dei skal vera mitt folk,

og i truskap og rettferd

vil eg vera deira Gud.

9Så seier Herren, Allhærs Gud: Ver modige, de som i denne tid høyrer desse orda frå dei same profetane som tala den dagen då grunnvollen vart lagd til huset åt Herren, Allhærs Gud, til templet som skulle byggjast.

10For før den tida hadde korkje folk eller fe noko att for strevet sitt. Korkje dei som gjekk ut eller dei som kom inn, fekk vera i fred for fienden, for eg sleppte alle menneske laus på kvarandre.

Tal sanning, kvar med sin neste!

På tinget skal de fella domar

som kviler på sanning og skaper fred.

17Tenk ikkje ut vondt mot kvarandre,

og elska ikkje rang eid!

For alt slikt hatar eg,

lyder ordet frå Herren.

18Då kom ordet frå Herren, Allhærs Gud, til meg, og det lydde så:

19Så seier Herren, Allhærs Gud: Fastedagane i den fjerde, femte, sjuande og tiande månaden skal verta til hugnad og glede for Juda-ætta og til herlege høgtidsdagar. Men elska sanning og fred!

20Så seier Herren, Allhærs Gud: Endå ein gong skal det koma folkeslag, ja, folk frå store byar,

21og folket i den eine byen skal fara til den andre og seia: «Kom, lat oss gå og be Herren om nåde, lat oss søkja Herren, Allhærs Gud! Eg òg vil gå med.» Jes 2,3; Mi 4,2

22Mange folk og mektige folkeslag skal koma og søkja Herren, Allhærs Gud, i Jerusalem, og be Herren om nåde.

23Så seier Herren, Allhærs Gud: I dei dagar skal ti menn av alle tungemål og folk ta fatt i kappesnippen åt ein jødisk mann og seia: «Lat oss få gå med dykk, for vi har høyrt at Gud er med dykk.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help