Esekiel 14 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Vend dykk bort frå gudebileta!

1Nokre av Israels eldste kom til meg og sette seg framfor meg.

9Men lèt profeten seg lokka til å seia eit ord, då er det eg, Herren, som har lokka profeten. Eg vil retta handa mot han og rydja han ut or Israel, folket mitt. Noah, Daniel og Job

12Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

13Menneske, når eit land syndar mot meg og ber seg trulaust åt, då retter eg ut mi hand mot det og bryt sund brødstaven for det. Eg sender hunger i landet og rydjar ut både folk og fe.

14Om desse tre mennene, Noah, Daniel og Job, var der, kunne dei med si rettferd berre berga sitt eige liv, seier Herren Gud. 18,20

15Dersom eg lét villdyr fara gjennom landet, og dei gjorde det folketomt, så det vart ei audn der ingen ferdast av redsle for udyra, 3 Mos 26,22

16så kunne desse tre mennene, om dei var der – så sant eg lever, seier Herren Gud – korkje berga søner eller døtrer. Dei kunne berre berga seg sjølve, men landet ville verta ei audn.

17Eller om eg sende sverd mot landet og sa: «Sverd, far gjennom landet og ryd ut både folk og fe»,

18då kunne desse tre mennene, om dei var der – så sant eg lever, seier Herren Gud – korkje berga søner eller døtrer. Dei kunne berre berga seg sjølve.

19Eller om eg sende pest i landet og lét min harme gå ut over det, så eg drap og rudde ut både folk og fe, 3 Mos 26,25

20då kunne Noah, Daniel og Job, om dei var der – så sant eg lever, seier Herren Gud – korkje berga son eller dotter. Ved si rettferd kunne dei berre berga sitt eige liv.

21Ja, så seier Herren Gud: Når eg sender dei fire harde straffene mine, sverd, svolt, villdyr og pest, mot Jerusalem for å rydja ut både folk og fe i byen, 3 Mos 26,22–26

22då skal ein rest sleppa unna og få med seg søner og døtrer. Når dei så kjem ut til dykk, og de ser korleis dei ferdast, og kva dei gjer, då skal de finna trøyst etter ulukka som eg førte over Jerusalem, etter alt det vonde eg lét koma over byen.

23Og dei skal vera dykk til trøyst, når de ser korleis dei ferdast, og kva dei gjer. Då skal de skjøna at det ikkje er utan grunn eg har gjort alt dette mot byen, lyder ordet frå Herren Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help