1Herren tala til Moses og Aron og sa:
2Sei til israelittane: Når det kjem utflod frå lekamen åt ein mann, er han urein på grunn av væska.
3Så lenge dette varer, fylgjer det ureinskap med han. Anten lekamen skil ut væske eller held henne att, er han urein.
4Kvar lege han ligg på, og kvart sete han sit på, vert ureint.
5Den som kjem nær lega hans, skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.
6Den som set seg på noko han har sete på, skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.
7Like eins skal den som kjem nær den sjuke sjølv, vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.
8Dersom den som har utflod, spyttar på ein som er rein, skal den han spytta på, vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.
9Kvar ridesal som den sjuke sit på, vert urein.
10Den som kjem nær noko av det han har under seg, er urein heilt til kvelds. Og den som ber det bort, skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.
11Tek den sjuke bortpå nokon utan at han fyrst har skylt hendene sine i vatn, skal den han har teke på, vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.
12Kjem den sjuke nær eit leirfat, skal det knusast. Er det eit trefat, skal det skyljast i vatn.
13Når den som har utflod, er vorten rein, skal han telja sju dagar fram frå den tid han vart rein. Då skal han vaska kleda sine og lauga seg i friskt vatn. Så er han rein.
14Den åttande dagen skal han ta to turtelduer eller to dueungar og gå fram for Herrens åsyn, til møteteltdøra, og gje dei til presten. 12,8
15Og presten skal ofra dei, den eine som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal presten gjera soning for han for Herrens åsyn og reinsa han for sjukdomen.
16Når det går sæd frå ein mann, skal han lauga heile kroppen sin; han er urein heilt til kvelds.
17Kvart klesplagg eller skinnplagg som det kjem sæd på, skal vaskast; det er ureint heilt til kvelds.
18Når ein mann ligg med ei kvinne, og det går sæd frå han, skal begge lauga seg; dei er ureine heilt til kvelds.
19Når ei kvinne har månadstida si, og det kjem blod frå lekamen hennar, er ho urein i sju dagar. Den som kjem nær henne, er urein heilt til kvelds.
20Alt det ho ligg eller sit på medan ho er urein, vert ureint.
21Den som kjem nær lega hennar, skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.
22Og den som kjem nær noko ho har sete på, skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.
23Ligg det eit eller anna på lega eller setet hennar, og nokon kjem nær det, er han urein heilt til kvelds.
24Dersom ein mann ligg med henne, og ureinskapen hennar kjem på han, er han urein i sju dagar, og alt det han ligg på, vert ureint.
25Når det går blod frå ei kvinne i mange dagar, utan at ho har månadstida si, eller blodet går lenger enn vanleg, då er ho urein så lenge blødinga varer, som når ho har månadstida si.
26Alt det ho ligg på medan blødinga varer, vert ureint, som når ho har månadstida si. Og alt det ho sit på, vert ureint, som når ho har månadstida si.
27Den som kjem nær det, vert urein. Han skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.
28Når ho vert rein etter blødinga, skal ho telja sju dagar fram. Då er ho rein.
29Den åttande dagen skal ho ta to turtelduer eller to dueungar og koma til presten med dei, til møteteltdøra. 12,8
30Og presten skal ofra dei, den eine som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal presten gjera soning for henne for Herrens åsyn og reinsa henne for den ureine blødinga.
31De skal fria israelittane for ureinskapen deira, så dei ikkje skal gjera bustaden min urein, den som står midt imellom dei, og døy i ureinskapen sin.
32Dette er lova om menn som har utflod, og om dei som det går sæd frå, så dei vert ureine,
33om kvinner som har månadstida si, om folk som skil ut væske, anten det er menn eller kvinner, og om menn som ligg med ureine kvinner.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.