Salmane 96 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Syng ein ny song for Herren!

1Syng ein ny song for Herren,

syng for han, all jorda!

2Syng for Herren, pris hans namn,

forkynn frå dag til dag hans frelse!

3Fortel mellom folkeslag om hans herlegdom,

mellom alle folk om hans under!

4Ja, stor og høglova er Herren,

meir ageleg enn alle gudar.

5Alle gudane åt folka er ingenting verde.

Det var Herren som skapte himmelen.

6Høgd og herlegdom er framføre han,

makt og glans i hans tempel.

7Gjev Herren ære og makt,

gjev han ære og makt, de folkeætter!

8Gjev Herren den ære hans namn skal ha!

Kom med offergåver til hans tempelgardar!

9Bøy dykk ned for Herren

og tilbed han i heilagt skrud!

Skjelv for hans åsyn, all jorda!

10Sei mellom folka: Herren er konge;

ja, fast står verda, ho kan ikkje rikkast.

Han dømer folka med rettferd.

11Himmelen skal gleda seg, jorda skal jubla,

havet og alt som er i det, skal brusa.

12Marka og alt det ho ber, skal jubla,

kvart tre i skogen skal ropa av fryd.

13Dei skal ropa for Herren, han som kjem;

han kjem og vil døma jorda.

Han skal døma verda med rettferd

og folka med truskap.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help